Bind 2/side 553 Kringstad - Husan

Svar
Knut Sæther
Innlegg: 3058
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Bind 2/side 553 Kringstad - Husan

Legg inn av Knut Sæther » 29. mars 2013 kl. 9.10

Lars Larsson og Barbro Sivertsdotter er oppført med fem barn: Beret f. 1834, Maret f. 1837, Sivert f. 1840, Jon f. 1843 og Synnøve f. 1845.

I tillegg til desse barna hadde dei ei dotter Maria f. 1850. Her er dåpen hennar (nr. 32):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A10 (1844-1856), Fødte og døpte 1850, side 55.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-57

Her blir ho konfirmert i 1865 (nr. 40):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll i Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A11 (1857-1866), Konfirmerte 1865, side 120.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-123

Familien i FT 1865:

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/we ... =1793#ovre

I 1873 fekk Maria ein son Lars i Stangvik (nr. 76):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Stangvik i Stangvik, Ministerialbok nr. 592A05 (1865-1878), Fødte og døpte 1873, side 55.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-55

Faren var Knut Arntsson Sponås. Sonen Lars vart konfirmert i Tingvoll i 1888 (nr. 23):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll i Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A13 (1879-1892), Konfirmerte 1888, side 150.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-149

Lars Knutsson (kalla Baadnes) vart gift med Dordi Ellingsdotter, dotter til Elling Ivarsson Holmeide – jf. s. 584 i det same bygdebokbindet. Eg kan ikkje sjå at det står noko meir om desse to og familien deira i bygdeboka, iallfall ikkje under Båtnes, Holmeide eller Sponås. Eg tek derfor med nokre tilleggsopplysningar.

Lars og Dordi fekk iallfall desse to barna: Ingvar f. 1895 og Maria f. 1898.

Dåpen til Ingvar (nr. 27):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll i Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A14 (1893-1905), Fødte og døpte 1895, side 22.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-23

Dåpen til Maria (nr. 23):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll i Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A14 (1893-1905), Fødte og døpte 1898, side 39.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-40

Familien i FT 1900:

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/we ... =1897#ovre

Lars Knutsson døydde i 1901 (nr. 3):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll i Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A14 (1893-1905), Døde og begravede 1901, side 150.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-148

Her er enkja Dordi og dottera i FT 1910:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft ... 6793002479

Tilbake til Maria Larsdotter: Ho hadde òg eit barn med Peder Hansson Gikling frå Sunndal. Dette var ei dotter som var f. i 1881, og ho heitte Berit. Her er dåpen hennar (nr. 15):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll i Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A13 (1879-1892), Fødte og døpte 1881, side 18.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-21

Og i 1895 vart ho konfirmert (nr. 43):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll i Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A14 (1893-1905), Konfirmerte 1895, side 98.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-96

Knut Sæther
Innlegg: 3058
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Bind 2/side 553 Kringstad - Husan

Legg inn av Knut Sæther » 30. april 2013 kl. 18.23

Far til Berit ovanfor, Peder Hansson Gikling, var etter alt å dømme son til husmannsfolka Hans Pedersson og Anne Andersdotter på plassen Giklinghjellen – jf. Sunndalsboka bind 2 s. 189. Eg veit iallfall ikkje om nokon annan kandidat som kan passe. Denne Peder var f. 1860, og i bygdeboka står det om han at han flytta til Jämtland omkring 1880. Her er dåpen hans (nr. 7):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A05 (1847-1877), Fødte og døpte 1860, side 93.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-98

Han vart konfirmert i 1876 (nr. 2):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Hov i Sunndal, Klokkerbok nr. 590C02 (1869-1931), Konfirmerte 1875-1876, uten sidenr.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-70

Når det så gjeld barneflokken til Lars Larsson og Barbro Sivertsdotter, viser FT 1865 at dei òg hadde ein son Lars (lenkje i forrige innlegg). I teljinga er alderen hans oppgjeve til 37 år, som skulle tilseie at han var fødd ca. 1828-1829. Men eg finn ikkje denne Lars døypt i nokon av dei åra. Derimot hadde Lars og Barbro ein son Lars til dåpen i 1831 (nr. 8):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A09 (1829-1843), Fødte og døpte 1832, side 26.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-26

Og han vart konfirmert i 1847 (nr. 6):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A10 (1844-1856), Konfirmerte 1847, side 245.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-228

Svar

Gå tilbake til «Tingvoll: Gards- og ættesoge for Tingvoll, bind 2-3»