Oppslag i bygdebok - Valderhaug

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Harald Lorentz Bakke
Innlegg: 952
Registrert: 2. september 2006 kl. 13.56
Sted: DAVIK

Oppslag i bygdebok - Valderhaug

Legg inn av Harald Lorentz Bakke » 1. februar 2013 kl. 6.31

Eg ynskjer hjelp til oppslag i bygdeboka om kva det står om Jacob Thorson/Thoreson og Dorthe Guttormsdtr.

dn25459
Innlegg: 158
Registrert: 22. juli 2010 kl. 16.15
Sted: VIGRA

Re: Oppslag i bygdebok - Valderhaug

Legg inn av dn25459 » 1. februar 2013 kl. 8.01

Eg kan ikkje sjå at det står noko om desse i Borgund & Giske band 3.
Når levde dei sånn omtrent?

Harald Lorentz Bakke
Innlegg: 952
Registrert: 2. september 2006 kl. 13.56
Sted: DAVIK

Re: Oppslag i bygdebok - Valderhaug

Legg inn av Harald Lorentz Bakke » 1. februar 2013 kl. 8.13

Jacob og Dorthe gifte seg i Stårheim kyrkje i Eid 19. januar 1766 og då var han registrert med namnet Walderhaug også i skiftet etter farssystra Kari Andersdtr. Hage i Utvik 1776 var han "boende paa Walderhoug"
Kan det være andre gardar som heiter Valderhaug ?

dn25459
Innlegg: 158
Registrert: 22. juli 2010 kl. 16.15
Sted: VIGRA

Re: Oppslag i bygdebok - Valderhaug

Legg inn av dn25459 » 1. februar 2013 kl. 15.44

I ekstraskattmanntalet 1762 står det under Valderhaugstrand ein tenar: Jacob af Nordfiord.
Samtidig er der også ei tenestejente: Siri af Nordfiord.
Han er på bruket til Hans Løeg. Hans Løeg (1713-1792) var losoldermann og handelsmann.
Overtok bruket 1750. Hans Strøm nemner han særskilt i Søndmørs Beskrivelse: Valderhoug-Strand er en liden og vel beboet gaard som ikke her bør forbigaaes ....

Løeg fekk brote mykje nytt land . Han let husmennene sine dyrke høvelege utmarkstykke, så får dei bruke dei i nokre år, men må så flytte att, for Løeg legg nybrota under si eiga jord (Borgund og Giske 3 s 621).

Jacob vart kanskje ein av desse - i 1762 hadde Løeg 13 husmenn.

Gravlagd År Sokn/Kyrkje Rolle Førenamn Etternamn Bustad Kjønn Alder
0108 1773 Borgund Avdød Dorthe Gutormsd. Valderh.strand K 44 aar

Denne er eg usikker på om er vår mann:
Gravlagd År Sokn/Kyrkje
0103 1798 Borgund
Rolle Stilling Førenamn Etternamn Bustad Kjønn Alder
Avdød Lods paa Walderh.strand Jacob Olss. Walderh.strand M 61 aar
Det er skifte etter han 30/4 1798. (gå om skifteregisteret for Sunnmøre på Digitalarkivet, søk etter han og klikk på linken til skiftet).

Jacob Thorsen Walderhaug/Walderhaugstrand fekk desse barna på Valderøya i Borgund prgj:
Dåpsdato

dn25459
Innlegg: 158
Registrert: 22. juli 2010 kl. 16.15
Sted: VIGRA

Re: Oppslag i bygdebok - Valderhaug

Legg inn av dn25459 » 1. februar 2013 kl. 16.11

Barna til Jacob Thoresen Walderhaug. Døypte i Borgund kyrkje:
Dåpsdato og namn:
15/1-1764 Anne Marthe (Merknad: av Eids prgj. i Nordfjord) !! Nu husm på Walderhoug
(ein av fadrane er svært truleg søster til Jacob)
22/4-1768 Inger (død 1768 10 dagar)
9/1-1771 Gutorm (død 1761 6 veker)
28/6-1772 Thor (død 1772 13 veker)
6/4-1777 Aslach (døypt i Giske kapell)

Finn du desse igjen i skiftet etter Jacob Olsen?
Eg finn dei ikkje i folketeljinga for Borgund 1801.

For mesteparten av gamle Borgund prestegjeld er det svært mykje registrert på Digitalarkivet.
Lett å finne fram. Snart kjem tilogmed nominativ folketeljing av 1815!

dn25459
Innlegg: 158
Registrert: 22. juli 2010 kl. 16.15
Sted: VIGRA

Re: Oppslag i bygdebok - Valderhaug

Legg inn av dn25459 » 1. februar 2013 kl. 17.50

Eg stussa på at Aslak var fødd etter at kona til Jacob var død.
Jacob gifta seg opp att 3,5 år etter at kona var død:

Dato: 0501 1777 K: Før besovet
Rolle Stilling Førenamn Etternamn Bustad
Brudgom Ekm. Jacob Torss. Valderhaugstrand
Brur P. Guri Aslaksd. Indvigen

Sonen Aslach vart fødd under tre månader etterpå. Merk kommentaren: Før besovet.
Eg finn ingen med tilknyting til denne familien i sjeleregisteret for Borgund 1788.
Guri dør 1784 (gravlagd 18/7-1784), 55 år. Dvs kanskje fødd i Innvik ca 1730.

Harald Lorentz Bakke
Innlegg: 952
Registrert: 2. september 2006 kl. 13.56
Sted: DAVIK

Re: Oppslag i bygdebok - Valderhaug

Legg inn av Harald Lorentz Bakke » 1. februar 2013 kl. 17.51

Takk for hjelpa med å finne borna til Jacob.

Borna som er nemnde i skiftet etter Jacob Olsen var Stephen, Niels og Olave så dett er nok ikkje vår mann.

Harald Lorentz Bakke
Innlegg: 952
Registrert: 2. september 2006 kl. 13.56
Sted: DAVIK

Re: Oppslag i bygdebok - Valderhaug

Legg inn av Harald Lorentz Bakke » 1. februar 2013 kl. 17.58

Der kom det eit svar til ja med eg posta mitt forrige.

Kansje flytta han /dei frå Borgund etter at 3. kona døydde i 1784 ?
Truleg er ikkje korkje han eller nokon av borna i live 1798 ettersom dei ikkje er nemnde i skiftet etter broren Peder 1798.

dn25459
Innlegg: 158
Registrert: 22. juli 2010 kl. 16.15
Sted: VIGRA

Re: Oppslag i bygdebok - Valderhaug

Legg inn av dn25459 » 1. februar 2013 kl. 18.39

Eg gjer ei viss kvalifisert tipping: Jacob var kanskje los sjølv om det ikkje står nokon plass.
Då losa han truleg på kyststrekninga Stad-Trondheim.

Harald Lorentz Bakke
Innlegg: 952
Registrert: 2. september 2006 kl. 13.56
Sted: DAVIK

Re: Oppslag i bygdebok - Valderhaug

Legg inn av Harald Lorentz Bakke » 1. februar 2013 kl. 18.44

Eg har sete og lurt på, med eg har registrert namna i registert mitt, om ikkje eg har vore bort i ein gard på Sunnmøre som heiter Innvik, eller er eg "heilt på jordet" no ?

Det kan godt hende du har rett at Jacob var los, sidan husmennene til Løeg bare hadde kontrakt ein begrensa periode.
-Er det nokon stad vi kan leite etter slike opplysningar ?

Harald Lorentz Bakke
Innlegg: 952
Registrert: 2. september 2006 kl. 13.56
Sted: DAVIK

Re: Oppslag i bygdebok - Valderhaug

Legg inn av Harald Lorentz Bakke » 1. februar 2013 kl. 19.33

2. Juni 1765 vart Jacob si fyrste kone Synneve Andersdtr. gravlagt i Borgund.
Eg legg det inn for ordensskuld om andre har bruk for opplysningane.

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Borgund i Borgund, Ministerialbok nr. 528A04 (1762-1800), Døde og begravede 1765, side 348.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-53
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 610441.jpg

dn25459
Innlegg: 158
Registrert: 22. juli 2010 kl. 16.15
Sted: VIGRA

Re: Oppslag i bygdebok - Valderhaug

Legg inn av dn25459 » 1. februar 2013 kl. 19.57

Der er ein gard Innvik i Skodje. (Gardsnr 35, 2 bruk i 1900)
Skodje var eit annekssokn til Borgund som også Valderøya høyrde til.

Skodje bygdebok: gard og slekt band 2.
Det ser ut for at det berre er band 1 som er digitalisert og lagt ut på Nasjonalbiblioteket.no

Guri Aslaksdatter døpt 25/10-1736 i Skodje sokn (Borgund)
far: Aslak Knudssøn Indvigen. (Ministerialbok Borgund/Skodje 1698-1779 s. 96 (høgre del)
Det er skifte etter Aslak Knudsen Innvik den 6/7-1758.

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... 17760#ovre

Harald Lorentz Bakke
Innlegg: 952
Registrert: 2. september 2006 kl. 13.56
Sted: DAVIK

Re: Oppslag i bygdebok - Valderhaug

Legg inn av Harald Lorentz Bakke » 1. februar 2013 kl. 20.07

Takk skal du ha Gunnar, då er det klarlagt kvar kona Guri kom frå.

Svar

Gå tilbake til «Giske»