Bind 5/side 215 Litlbråtten - bruk nr. 1

Svar
Knut Sæther
Innlegg: 3057
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Bind 5/side 215 Litlbråtten - bruk nr. 1

Legg inn av Knut Sæther » 4. april 2012 kl. 18.17

Mellom barna til Erik Paulsson og Randi Gunnarsdotter står oppført ein son Ingebrigt f. 1758. Men namnet på dette barnet må vere feilskrive, for vi finn det ikkje døypt i kyrkjeboka. Derimot hadde Erik Bråten ei dotter Ingri til dåpen dette året. Den aktuelle kyrkjeboksida har dessverre ikkje vorte skanna og gjort tilgjengeleg på nettet, men eg har hatt tilgang til ho via mikrofilm. Her er i staden lenkje til konfirmasjonen til Ingri i Øksendal kyrkje i 1775 – nr. 23:

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-52

Denne dottera finn vi mellom arvingane i skifta etter foreldra. Her er skiftet etter mor hennar frå 1769 (fol. 344a):

http://arkivverket.no/URN:sk_read/24648/358/

Nokon son Ingebrigt er ikkje nemnt her. Heller ikkje har eg funne denne personen gravlagt eller konfirmert.

Når det gjeld Ingri, så levde ho i 1786 - jf. skiftet etter faren det året (fol. 651b):

http://arkivverket.no/URN:sk_read/24652/675/

Svar

Gå tilbake til «Sunndal: Sunndalsboka»