Eg slo opp på FS og fann Bernt Rud, med kone og barn i Nord Dakota, f oppgjeve til 1879
https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/MC8V-8SH
Ved emigrasjonen til Bernt Mathiasen Skrukkerud, står han oppfør til født 26.09.1879, heimstad Ringsaker. I kyrkjeboka frå Ringsaker er Bernt Mathiasen født 26.09.1878. Eg gjekk da på kyrkjeboka for Ringsaker for tida etter 1879 og 1880, men fann ingen Bernt med Mathias som far.
Det er da nærliggjande at fødselsåret har vorte skrive feil i emigrasjonspapira, og at det har følgd han seinare.
(Gammeltanta mi emigrerte så ung at ho bløffa på fødselsåret sitt, og det vart ho innført med og hadde heile livet "over there")
Derfor så trur eg at den oppførte dåpen i innlegget over her, er Bernt Rud. Han er "uægte"
Far er da Ungkar ??? Matias Eriksen, Hok(r?)neseie Mor Pige Martle Johannesdtr, Mehlumseie
Kor han har fått Skrukkerud-namnet frå, har eg ikkje funne, men det gjev jo naturleg Rud i
USA. Men hvis du bestiller deg minneord (obituri) frå Amerika, så får du livshistoria frå
han kom til Amerika. Det koster §12- §15.
Beste helsing
Wenche