Kven var far til Dorotea / Dorte Nakling ?

Moderator: MOD_Nord-Trøndelag

Svar
Kjell Jan Remø
Innlegg: 302
Registrert: 23. november 2016 kl. 18.14
Sted: LEIKANGER

Kven var far til Dorotea / Dorte Nakling ?

Legg inn av Kjell Jan Remø » 18. januar 2020 kl. 15.26

Hei !
Ein Jens Olsen fekk i 1732 bygselbrev på Nakling austre part. Jens Olsen var iflg Nærøy Bygdebok III side 202 gift med ei Daaret død 1768.
Link til bygdebok : https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_d ... 2&page=205

Paret sin yngste, Jens, kom til garden Storval V. Om han kan vi lese i Nærøy bygdebok V side 198. No har det kome til meir informasjon om Daaret.
Link til bygdebok: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_d ... 0jensen%22

Det går fram at Daaret sin far skal vere Jens Jensen Kruse, 57 år ved manntalet i 1701.
Link til manntalet 1701 Storval nedst på høgre side. RA, Manntallet 1701, nr. 15: Inderøy fogderi og Namdal fogderi, 1701, s. 200-201. Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ft10041010282116

Kyrkjeboka for Kolvereid startar først i 1736, så der er det lite informasjon å finne om Daaret. Då ho døyr i 1768 er ho berre nemnt Dordi Nakling, og ved introduksjonen etter dei yngste barna sine fødsel er ho ført inn som Jens Naklings ‘quinde’ Dei eldste barna er født før 1736.
Link til jordpåkasting Dordi Nakling 1768, høgre side. SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Nord-Trøndelag, 780/L0632: Ministerialbok nr. 780A01, 1736-1786. Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070928670434

I løpet av arbeidet med bygdeboka, har tydelegvis forfattaren funne kven som var Daaret / Dorte sin far. Eg har ikkje funne dokumentasjon (truleg eit skifte) på at Daaret sin far var Jens Jensen Kruse.
Håpar inderleg at nokon kan hjelpe meg med linken som stadfestar at Jens Jensen Kruse var far til Daaret / Dorte Nakling?

Svar

Gå tilbake til «Nærøy»