Ho vart gift med Mads/Matz Guttormsen frå Herøy på Sunnmøre. Han var fødd i 1791, døypt 18/8-1793 i Herøy kyrkje, død 1863.
Marte er i Herøyboka, Gardar og folk, b.1, oppført som f.1784 på Voss og død 26. Desember 1868 i Herøy, Møre og Romsdal. Dei hadde tre born, deriblant min tippoldefar Amund Andreas Madsen f. 1822. Første barn var døypt våren 1818.
Eg har fått opplyst at foreldra var Aamund Larsen (Igdetveit) og Anna Tork(j)elsd, men greier ikkje finne fødsel/dåp i kyrkjebøkene for Voss. Har funne ei Marita Amundsen, bosted Igdetveit, som vart konfirmert i 1800, men der er ikkje namn på foreldra. Eg er open for at namnet kan ha vorte endra eller feiltolka.
Eg har heller ikkje funne bryllaupet til Marte/Marita og Matz/Mads. Og ingenting i inn-/utflyttede i Herøy kommune.
På førehand takk

Heidi Goksøyr