Nils Henrikson Rytter lensmann i Brøske død 1744

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Magnar Husby
Innlegg: 585
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Nils Henrikson Rytter lensmann i Brøske død 1744

Legg inn av Magnar Husby » 23. november 2015 kl. 6.52

Dette skiftet http://arkivverket.no/URN:sk_read/24642/311/ etter Nils Henrikson Rytter 9. januar 1745 (sjå side 743a midt på sida) er det kortaste skiftet eg nokon gong har sett. Her står det kort og greitt:
"Anno 1795 ... 9 January: er skifte forrættet efter Lænsmanden i Brøsche Thinglaug Niels Rÿtter, da hans efterladte Stærvboe var fallit, og ei noget for Enchen, og Arvingerne at arve".

Var det vanleg å handsame fallittbu på denne måten? Det er ikkje nemnt noko om kven som administrerte skiftet ein gong.

Det kjem fram at han etterlet seg ei enke. Kvar vart ho av?
Barna og barnebarna veit vi namnet på, for dei er lista opp i skiftet etter farmora Dorothea Catharina Hansdotter Tausan her: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24645/18/

Her kjem det fram at barna til sonen Nils var: Henrik (myndig), Arnt 23 år), Nils (20 år), Anders (16), Dorothea Catharina - gift. Men så langt eg har forstått dette omfattande skiftet, kjem det ikkje fram kvar dei budde eller kven Dorothea Catharina var gift med. Alderen på Dorothea Catharina Nilsdotter er heller ikkje oppgjeven, men Hans Hyldbakk har i Stangvikboka landa på at ho var fødd i 1731, meiner eg (eg fekk ikkje sjekka dette, for Heimar og ætter i Stangvik bind 1 er ikkje lagt inn på Bokhylla i Nasjonalbiblioteket enda, ser det ut til).

Hans Hyldbakk skriv at spor viser at barna hamna i Øksendalen, men slik han har gjort greie for dette, ser det ut til at han har slutta dette ut frå at han fann Henrik Olson Rytter der. Men det var mora hans som var av Rytterslekta, nemleg Anne Nilsdotter, dotter til Nils Nilsson Rytter, som budde i Stangvika etter at han gifta seg, men vart gjestgjevar i Øksendalen mot slutten av 1700-talet. Kvar Nils Nilsson Rytter oppheldt seg i ungdomstida, er ikkje klarlagt. Men det kan vel tenkjast at det finst meir i forarbeida til Hans Hyldbakk om dette.

Eg har spekulert i kva mora til desse barna kunne ha heitt. Eg har kome til at Anne Arntsdotter er svært sannsynleg, men det er berre ein spekulasjon.

Erling Myrbostad
Innlegg: 878
Registrert: 29. november 2005 kl. 21.38
Sted: KVANNE

Re: Nils Henrikson Rytter lensmann i Brøske død 1744

Legg inn av Erling Myrbostad » 23. november 2015 kl. 9.38

Nils Nilson Rytter var først på plassen Nergeilen (Sjøheim) på Kvenna, seinare hadde han ein part av Gjerstad før det bar til Øksendalen med han.

mvh Erling

Magnar Husby
Innlegg: 585
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Nils Henrikson Rytter lensmann i Brøske død 1744

Legg inn av Magnar Husby » 23. november 2015 kl. 10.21

Eg er klar over det. Viss du veit nøyaktigare kva for tidsrom han heldt til i Stangvika, er eg takknemleg for det. Kona si trur eg han møtte da han var militær på Oppdal.

Eg prøvde å finne barna i ekstraskatten 1762. Da oppdaga eg at det var ein Arnt Nilsen som var i teneste under enka etter Teilgård i Stangvika. Denne Arnt Nilsen er da gift med Mari Arntsdotter, Eg fann ikkje nokon i Øksendalen (andre enn ho som eg trur er dottera Dorothea). Men det levde ei Marit Arntsdotter der, gamal og fattigunderstøtta, som eg vil undersøke nærare.

Men det at eg fann ein Arnt Nielsen i Stangvika, som i alder kanskje kan stemme med rett person, fekk meg til å tenkje at ungane vart plassert hos slektningar rundt omkring. Eg har derfor på plana å sjekke kvar desse slektningane budde og prøve å finne ut om dei og hadde nokon av ungane hos seg.

Erling Myrbostad
Innlegg: 878
Registrert: 29. november 2005 kl. 21.38
Sted: KVANNE

Re: Nils Henrikson Rytter lensmann i Brøske død 1744

Legg inn av Erling Myrbostad » 23. november 2015 kl. 12.12

Veit ikkje anna enn det som Hyldbakk skriv. Han byksla Nergeilen i oktober 1770. Parten på Gjerstad (om lag det som er Negard i dag) åtte han frå 1774 til 1784. men at han nokon gong bodde der er vel tvilsamt. Ser ut til at skulda dreiv han frå eine skansen til den andre. Det er vel tida før 1770 du er mest interessert i?

mvh Erling

Erling Myrbostad
Innlegg: 878
Registrert: 29. november 2005 kl. 21.38
Sted: KVANNE

Re: Nils Henrikson Rytter lensmann i Brøske død 1744

Legg inn av Erling Myrbostad » 23. november 2015 kl. 12.30

No veit ikkje eg namn på alle borna til Nils Nilsson Rytter (f.1734), men han hadde i alle fall sonen Nils Nilsson som var 33 år i 1801. Det kan godt vere at det er han som er konfirmert i Stangvik i 1784 med bosted Gjerstad. Så kanskje sersjanten bodde på Gjerstad likevel? I alle fall er det ingen andre gardfolk på Gjerstad dette leitet som heiter Nils, så langt ein kan sjå. Rett nok er det og ein konfirmant til same året med bosted Gjerstad, han heiter Einar Nilsson.

Magnar Husby
Innlegg: 585
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Nils Henrikson Rytter lensmann i Brøske død 1744

Legg inn av Magnar Husby » 23. november 2015 kl. 14.37

Nils Nilsson Rytter og kona Katarina Olsdotter Bjerke hadde borna Anne f 1764, Nils f 1788, Ole f 1778 og Mette f 1882.

Det stemmer at eg er mest interesser i tida før 1770.

1762 Ekstraskatten: http://arkivverket.no/URN:db_read/db/47939/143/

Eg nemnde Arnt Nilsson i Ytre Stangvik (Teilgårdparten) med kona Mari Arntsdotter. Her budde og Guru Arntsdotter og Ole Arntson (begge gifte). Gruppert under husmenn. Eg la merke til at det var folk med ettternamnet Arntsen også under Grytskog. Finn du noko att av dette i Heimar og ætter?

Erling Myrbostad
Innlegg: 878
Registrert: 29. november 2005 kl. 21.38
Sted: KVANNE

Re: Nils Henrikson Rytter lensmann i Brøske død 1744

Legg inn av Erling Myrbostad » 23. november 2015 kl. 17.53

Hyldbakk nemner at det er tre husmannsplassar under Yttegarden i Stangvika ut frå manntalet i 1769, som er han si kjelde. Det er plassen Sagbakken, og så er det to husmenn til, Arnt Nilsson og Ivar Eivindson. Ein av desse meiner han var i Røslia, kvar den andre var er ikkje kjent. Og han veit ikkje kven av dei to som var i Røslia.

Når det gjeld Sagbakken er nok HH på tryggare grunn. Her byksla Ola Arntson Stangvik (f. 1716) plassen av Jakob Rasmusson Teilgård den 10. mai 1757. Kona hans heitte Eli Larsdotter (f. 1733), og dei som truleg er foreldra hennar, Ola Hågeson og Ragnhild Larsdotter, var og på plassen. Eli er elles kalla Arntsdotter i kyrkjeboka når ho døyr i 1792, og i skiftet er ho kalla Andersdotter, seier HH.

Arntnamnet i Grytskogan skriv seg frå Nestua på Haugen og har neppe noko med Arntnamnet i Stangvika å gjere,

Magnar Husby
Innlegg: 585
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Nils Henrikson Rytter lensmann i Brøske død 1744

Legg inn av Magnar Husby » 23. november 2015 kl. 17.59

Tusen takk for svaret. Seier HH noko om kven husmannen Arnt Nilsson var og alderen hans?

Erling Myrbostad
Innlegg: 878
Registrert: 29. november 2005 kl. 21.38
Sted: KVANNE

Re: Nils Henrikson Rytter lensmann i Brøske død 1744

Legg inn av Erling Myrbostad » 23. november 2015 kl. 23.40

Nei, ikkje det eg kan sjå.

Erling Myrbostad
Innlegg: 878
Registrert: 29. november 2005 kl. 21.38
Sted: KVANNE

Re: Nils Henrikson Rytter lensmann i Brøske død 1744

Legg inn av Erling Myrbostad » 24. november 2015 kl. 10.03

For tilfeldigvis forbi eit Rytternamn i kyrkjeboka for Stangvik, 6. juni 1792, der ein Ejner Nielsen Rytter er fadder. Veit ikke om dette er relevant for di sak, men tek det med i alle fall (høgre side i lenka, linje 4):

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-57

mvh Erling
Sist redigert av Erling Myrbostad den 12. desember 2015 kl. 17.41, redigert 1 gang totalt.

Magnar Husby
Innlegg: 585
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Nils Henrikson Rytter lensmann i Brøske død 1744

Legg inn av Magnar Husby » 11. desember 2015 kl. 20.47

Interessant opplysning. Utan at eg kan forklare det. Takk!

Svar

Gå tilbake til «Surnadal»