Legg inn
av Erling Myrbostad » 7. mai 2012 kl. 16.11
Hei,
Veit ikkje heilt kvar du har etternamnet frå, eller kvar du har frå at dei er komne frå Surnadal? Det eg finn ut etter ein runde i kyrkjebøkene, er i alle fall dette?
Johannes Isakson og And Knutsdotter var plassfolk i Haltbakken under Hønsvik i Halsa. Dei gifta seg i Halsakyrkja i 1788. Born Ingeborg, f. 1789, død samme år, Randi, f. 1791, Knut, f. 1793 og Arnt, f. 1796. I folketellinga 1801 finn vi dei i Haltbakken, Johannes sin alder er oppgjeven til 53 år, og And sin til 40 år. Den 19.11.1801 døyr And, ho er da sagt å vere 38 år.
Johannes gifter seg oppatt året etter med ei Eli Olsdotter, og dei får sonen Ole, f. 16.1.1803. Johannes døyr 21.2.1804, og er da sagt å vere 58 år. Som ein ser stemmer ikkje alt heilt med tanke på alder, men det er normalt i desse kjeldene.
Vi finn og ein kårmann Knut Olson Haltbakk som døyr 31.8.1800, 83 år gammel. Han er og fadder på eit av borna. Dette er truleg far til And. Vidare døyr det ei Marit Knutsdotter Haltbakk i 1813, 55 år gammel. Ho er og fadder på eit av borna. Truleg søster til Johannes. Til sist er ei Mali Knutsdotter Haltbakk konfirmert i 1786, det er truleg samme person som er fadder med namnet Mali Knutsdotter Lie seinare. Også truleg ei søster.
Det ser elles ut til at det er ein familieforbindelse til Lie i Straumsneset, utan at det kan seiast på kva slags måte dette er. Ei Ane Isaksdotter Haltbakk som og er fadder, kan kanskje vere søster til Johannes. Ho er ikkje å finne seinare, så kanskje er det rett at Johannes er frå Surnadal eller ei anna bygd?
Det er det eg har funne så langt. Sjekka og konfirmasjonslistene i kyrkjebok for Surnadal, men finn ikkje Johannes der.
mvh Erling