Hei Kari
Det er ikkje så mykje eg kan seie om eigedomen Brovolden i Ringebu, men dette sto i folketellingen 1900: Ringebu Under gnr 56 bnr 1, Brovolden.
Eg slo opp i Norske Gardsbruk VIII, Ringebu og fann at eigedomen da var under gnr 56 bnr 1 i Ringebu, d.v.s. at Brovolden var ein husmannsplass utan eige matrikkulering under Nordre (Nordgard) Høye i Ringebu. Eg har prøvd å finne staden i annan litteratur, m.a. "Nedlagte heimar i Ringebu", men der finn eg ikkje Brovolden nokon stad. Ikkje finn eg at det bur nokon på den eigedomen i FT 1910, og ikkje finn eg Kristen Kristensen eller kona buande nokon annan stad i folketellinga 1910 heller. Så dei må ha nytta eit anna etternamn da. Men korhen i Ringebu det låg, kan du finne ved å gå inn på "Ringebuslekter", kart, Brovold, så ser du det prikka inn. Eg har prøvd å spørje fleire "granskarar" om eigedomen, men dei må melde pass.
Men eg reknar med at du kan vende deg til Ringebu Historielag v/Einar Høystad, så kan han kanskje vite meir om staden eller vise deg til rett person. I dei lokale historielaga pleier dei å ha kjennskap til slikt.
Lukke til vidare.
Men eg har nå oppdaga at du har førespurnad om det same under Søndre Land kommune, det gjev hjelparane dine ekstra arbeid, når det ligg på to stader, utan at du gjer merksam om det. jfr
https://slektsforum.slektogdata.no/view ... ht=#463982
Beste helsing
Wenche