Bind 1/side 339 Gravem - Gunnarstu

Svar
Knut Sæther
Innlegg: 3058
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Bind 1/side 339 Gravem - Gunnarstu

Legg inn av Knut Sæther » 4. september 2010 kl. 11.28

Bygdebokforfattaren stiller spørsmålet om Kari Olsdotter f. 1774, dotter til Ole Torsteinsson, vart husmannskone på Grøvudalen.

Svaret er ja. Skiftet etter henne frå 1832 (fol. 615b-616, nr. 121) viser at ho hadde vore gift med Endre Larsson i nettopp Grøvudalen (Grudalen):

http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24661/627

Det er opplysningane i skiftet om søskena hennar som dokumenterer at ho var frå Gunnarstua på Gravem. Sjå elles bind 1 s. 238 der Kari og Endre er omtala, og rettinga eg har lagt inn til den sida.

Elles er det oppgjevne fødselsåret 1774 truleg feil. I kyrkjeboka kan eg ikkje finne nokon Kari Olsdotter Gravem døypt dette året, men derimot i 1775 (fol. 44 nr. 21):

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-27

Svar

Gå tilbake til «Sunndal: Sunndalsboka»