Hei Kjell. Kan det ikkje vere same barnet som blir døypt i november året før? (Nr. 36, venstre side):
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-17
Dette passar iallfall ganske bra med den oppførte alderen på den gravlagde, og både kjønnet til dåpsbarnet (som er kalla Marit) og førenamnet på faren (som var Jakob Nicolaisson frå Fron) stemmer. Dei to kyrkjebokinnførslene gjev derimot ulike opplysningar om prestegjeldet faren kom frå, men det treng vel ikkje vere avgjerande i dette tilfellet. Dessverre har namnet på mora vorte utelate ved dåpsinnførselen.
Den Asbjørg Gravem som er oppført som mor til det døde barnet, er etter alt å dømme identisk med Asbjørg Paulsdotter som tente på Gravem i 1801:
http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/we ... k=459#ovre
Denne Asbjørg Paulsdotter er omtala i Sunndalsboka bind 1 s. 158 og 268, utan at det der står noko om barn.
Ved dåpen til Marit er det Gravem-folk mellom fadrane. Ein Ivar Gravem er nemnt, og Lars Audensson og Halvor Larsson er òg namn vi finn på Gravem i 1801.
Når det gjeld skreddaren Jakob Gunnarsson, har det i tidlegare innlegg i denne tråden kome fram at han fekk fem uekte barn, og ved dåpen til det femte i 1809 blir dette talet stadfesta ved notat i kyrkjeboka. Sjølv om det av og til kan vere feil med leiermålstala i kjeldene, er det vel med dette likevel mindre sannsynleg at han var far til det halvt år gamle barnet som vart gravlagt i 1803.
Helsing Knut.