Hans Anderson Formo frå Sel, som eigde mange gardar i Folldalen, ga skjøte 1745 på garden til far til Guri Siversdtr., Siver Pederson frå Slåen.
I 1764 fekk Guri Siversdtr. og Jon Jonson skjøte. Jon døydde i 1770 og Guri i 1827.
Eg er for lite kjent i Sel til vite om det er fleire Rusten-gardar, og om det kan være Rosten, han kom i frå.
Eg veit heller ikkje kva for del av bygda dette er, slik at den var under Vågå, eller Nord-Fron. Eg forstår og at kyrkjebøker i dette område brann i ein prestegards-brann i 1806, så eg veit ikkje om det er noko å finne.
Er det nokon som kjenner til Jon Jonson frå Rusten, som kom til Øvre Folldal (del av Lesja pr.gj. på denne tid)? Han og Guri har stor etter slekt der, og fleire andre stader!

Flott om nokon har meire info, eller veit kvar eg bør leite.