Kven eigde minnestaven?

Moderator: MOD_Oppland

Svar
dn20182
Innlegg: 2092
Registrert: 23. mars 2006 kl. 10.28
Sted: FYRESDAL

Kven eigde minnestaven?

Legg inn av dn20182 » 8. oktober 2010 kl. 21.03

Syster av mi bestemor, Hanna, blei gift med Jo(n) Guttormson Kvamme i Lom den 14.7.1915. Ho var jordmor i Lom og Skjåk i mange tiår og fortalte ho hadde teke mot tre generasjonar, der ho for gardimellom på sykkel. Etter dei mista Kvamme i Bøverdalen på tvangsauksjon i 30-åra budde dei på Stamstadbakken. Dotter deira Mari var som ei tante for meg. Ho var ugift og barnlaus, og etter henne har eg fått ei fin, tynn lita fjøl med vakre utskorne bokstavar. Her står på framsida: HPS Flaa OJD 1732 (eller kanskje 1739, to-talet kan tolkast som nital). Eg vil tru dette kan vera minne om eit bryllaup, men diverre byrjar kyrkeboka for Lom i 1733. På baksida av fjøla står det med like fine bokstavar GGSQ utan årstal, og det kan vel tenkjast å vera Guttorm Gabrielson på Kvamme i FT 1801, eller kanskje far hannoms. http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/We ... 13941#ovre

Kan nokon ha tankar om kven personane med initialane frå 1732 var?
Venleg helsing Kjetil

Brukeravatar
dn12117
Innlegg: 5303
Registrert: 15. november 2004 kl. 11.36
Sted: MOELV

Re: Kven eigde minnestaven?

Legg inn av dn12117 » 31. oktober 2010 kl. 23.03

Hei Kjetil.

Jeg har bygdebøkene for Lom i senteret mitt - vil du jeg skal se etter der (om det er med Bøverdalen enda da) - eller har du sett etter?

Jeg tror jeg har 4 bind av de bøkene - må se etter, men mener det.
Lillian Kristiansen

dn20182
Innlegg: 2092
Registrert: 23. mars 2006 kl. 10.28
Sted: FYRESDAL

Re: Kven eigde minnestaven?

Legg inn av dn20182 » 1. november 2010 kl. 7.13

Det er kjempefint at du kan se etter!
Venleg helsing Kjetil

Brukeravatar
Arnfinn Kjelland
Innlegg: 427
Registrert: 29. november 2004 kl. 8.56
Sted: VOLDA
Kontakt:

Re: Kven eigde minnestaven?

Legg inn av Arnfinn Kjelland » 1. november 2010 kl. 8.35

Vel, det var i alle fall iflg. Bygdabok for lom bd 3 s. 400 fødd ein Hans Persson på Flå kring 1723 (gift 1751 og tok over garden om lag samstundes).

dn20182
Innlegg: 2092
Registrert: 23. mars 2006 kl. 10.28
Sted: FYRESDAL

Re: Kven eigde minnestaven?

Legg inn av dn20182 » 1. november 2010 kl. 17.28

Takk for innspel!
Venleg helsing Kjetil

gj15238
Innlegg: 15
Registrert: 27. februar 2012 kl. 8.56
Sted: Oslo

Re: Kven eigde minnestaven?

Legg inn av gj15238 » 28. november 2013 kl. 11.34

oj så spennende ...Hans Persson Flå er i slekta mi i flere grener

Svar

Gå tilbake til «Lom»