Marit Jonsdotter f ca 1725 i Lesja p.gj.- d i Øksendal 1784

Moderator: MOD_Oppland

Svar
Magnar Husby
Innlegg: 585
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Marit Jonsdotter f ca 1725 i Lesja p.gj.- d i Øksendal 1784

Legg inn av Magnar Husby » 20. oktober 2009 kl. 0.10

I Sunndalsboka bind 4 side 306, under garden Rydningen i Øksendal, står følgjande å lese: "Peder (f 1722, son av Lars Larsson Leangen i Sunndal) ble 1757 trolovet med Marit Jonsdotter Rydningen. Ifølge tradisjonen var hun et uekte barn fra Lesja, og hennes mor skulle være blitt forvist fra bygden fordi far til Marit var en gift mann. Peder og Marit hadde følgjande barn: Else f 1758, Kari f 1761, Kari f 1763, Jon f 1769, Kari f 1769." Står det noko om dette i Dovrebøkene, eller er det nokon som veit noko om det? Det er muleg at Marit og mora hadde ein slektning Endre Jonson med seg til Øksendalen. (Han vart gift i Jordalsgrenda og har stor etterslekt). Peder Larsson si mor heitte Else Pedersdotter, men det er inga Kari og ingen Jon i familien, ser det ut til. Ellers kan nemnast at Lars Larsson Leangen først var gift med Marit Kristensdotter, som var eigar av Leangen då dei vart gift. Ho var truleg dotter til Kristen som åtte garden 1692-1695. Marit kunne ha vore fødd så tidleg som 1660. Ho døydde i 1708. Lars og Marit hadde sonen Kristen f ca 1700 i dette første ekteskapet. Marit sin far Kristen "er heller ikke nærmere kjent" står det (Eg såg ei etterlysing etter ein Kristen Jenssen i forumet for Lesja. Difor tek eg med også dette siste).

Svar

Gå tilbake til «Dovre»