Marit Mikkelsdotter frå Vesleengen/Buengen/Bruflat, f. 1852

Moderator: MOD_Oppland

Svar
Knut Sæther
Innlegg: 3051
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Marit Mikkelsdotter frå Vesleengen/Buengen/Bruflat, f. 1852

Legg inn av Knut Sæther » 26. august 2016 kl. 15.20

Dette innlegget er ikkje ei etterlysing, men eg tillèt meg å leggje det inn her likevel. Kanskje opplysningane kan vere interessante for nokon.

I Bygdabok for Dovre bind 2 s. 184 er under Vesleengen/Buengen/Bruflat oppført ei dotter Marit som Mikkel Olsson og Guri Pedersdotter hadde. Denne dottera var f. 26.08.1852. Det står ikkje noko om kvar ho vart av.

I 1874 vart ho gift i Sunndalen på Nordmøre med vegarbeidaren Martinius Pedersson Elgen, som var f. i Kongsberg (nr. 10):

https://media.digitalarkivet.no/kb20050614040632

Same året fekk desse ei dotter Mathilde i Sunndal (nr. 50):

https://media.digitalarkivet.no/kb20050614040504

Mathilde var først gift med Johannes Isaksson – sjå under Kvalvåg i Gards- og ættesoge for Frei bind 2 s. 23 (dette bygdebokbindet er ikkje tilgjengeleg på nettet), og deretter med Iver Anton Jensson – sjå her under Myklebostad i Gards- og ættesoge for Gjemnes bind 2 s. 177:

http://www.nb.no/nbsok/nb/bc360547daa3d ... ang=no#180

Mvh. Knut.

Svar

Gå tilbake til «Dovre»