Fyrst: Tusen takk for svar både til Leif Bjørn og Lillian!
Så til Leif Bjørn:
Joda, eg har vore "nokre" gongar og lest i dei digitale krk.bøkene....,
men igår då eg laga starten på denne tråden, hadde eg ei eller anna form for "blackout" (kanskje avdi eg i lengre tid hadde forsøkt å logga meg på, på Dig.ark. utan å lukkast og i rein frustrasjon gjekk eg hit, det er jo enkelt i forhold).
Eg sat iallfall og skreiv av namna på desse to para, men tok ikkje med namna på fedrene (eg hadde namn på begge foreldra til Gullik, vigselsdatoane har eg jo funne i krk.bøkene...), sjølv om eg hadde dei, anar ikkje kvifor.
Så dette beklagar eg, men tenkjer at slikt kan skje av og til!
Iallfall: Tusen takk til begge to på vegne av amerikanaren med Norgesbesøk "på tapeten" om nokre månader

)