Supplement/side 187b Torske - Negard

Svar
Online
Knut Sæther
Innlegg: 3051
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Supplement/side 187b Torske - Negard

Legg inn av Knut Sæther » 15. juni 2008 kl. 10.58

Under Negard Torske er Magnhild Eriksdotter f. 1828 oppført som dotter til den Anne Andersdotter (frå Virom) som var gift med Erik Jonsson.

Retting:
Mor til Magnhild var Anne Andersdotter Gikling, som må ha vore dotter til Anders Andersson på Gikling bruk nr. 1. (Ho var f. 1799 – sjå Sunndalsboka bind 2 s. 181.)
Denne Anne Andersdotter Gikling vart i 1833 gift med Nils Larsson på Vangan under Vinnavoll (sjå Sunndalsboka bind 3 s. 33). Med han hadde ho ein son Jon f. 1830, og som var det tredje leiermålet hennar med tre forskjellige. Ved dåpen til Magnhild blir det opplyst at dette var det andre leiermålet til mora. Ei Anne Gikling fekk også eit barn Marit f. 1823, og som var mora sitt første leiermål. Det ser altså ut til at det var den same kvinna som var mor til alle desse tre barna. Og namna på nokre av fadrane ved dåpen til Marit og Magnhild tyder på at mora er rett identifisert.

Kjelder elles:
- Møre og Romsdal fylke, Romfo i Sunndal, ministerialbok nr. 590A03/2 (1820–1832), fødde og døypte 1823 s. 75 og 1828 s. 91.
- Møre og Romsdal fylke, Hov i Sunndal, ministerialbok nr. 590A03/1 (1819–1832), fødde og døypte 1830 s. 46.

Svar

Gå tilbake til «Sunndal: Sunndalsboka»