Bind 4/side 195 Setran-Oppistua

Svar
Knut Sæther
Innlegg: 3054
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Bind 4/side 195 Setran-Oppistua

Legg inn av Knut Sæther » 10. april 2025 kl. 15.30

Om Anders Larsson, som var brukar på Setran i Øksendalen i åra 1741–1769, skriv bygdebokforfattaren at det ikkje har lykkast å finne slekta hans. Men avstamminga kjem fram i eit skifte i Sunndalen frå 1761 etter ein Tore Andersson på Hol. Denne Tore hadde døydd utan å etterlate seg livsarvingar, så det var slektningar som arva han. Det dreidde seg om morsøstrer og morbrødrer, samt ei halvsøster til mora. Denne halvsøstera heitte Brynhild Halvorsdotter. Ho var død, men hadde fått fleire barn med ektefellen Lars Hågensson Grødal. Mellom barna er oppført ein son Anders «Sætter». Om han står det ikkje noko meir om enn at han var fullmyndig. Av søskena til Anders som er lista opp i skiftet må nemnast Gunder Wennevold, for han viser det seg opptrer som fadder ved dåpen til eitt av barna til Anders Larsson i Øksendalen. Gunder var brukar på Vinnavoll (sjå Sunndalsboka bind 3 s. 20). Elles er det verd å få med seg at ein annan bror til Anders vart brukar i Sjølsetøya i Øksendalen.

Lars Hågensson og familien hans er omtala under Grødalen bruk nr. 2 i bind 2 s. 307–308, men det står ikkje noko der om kvar Anders vart av.

Link til skiftet etter Tore Andersson på Hol (det startar nedst på høgre side, folio 652):

Nordmøre sorenskriveri, AV/SAT-A-4132/1/3/3A/L0013: Skifteprotokoll nr. 10c, 1760-1762, s. 651b-652a
https://www.digitalarkivet.no/sk20090202670113

Link til kyrkjeboka der Gunder Vennevold opptrer som fadder da Anders Larsson hadde sonen Gunder til dåpen i 1763 (nr. 33 på høgre side):

Møre og Romsdal, AV/SAT-A-1454/590/L1007: Ministerialbok nr. 590A01, 1752-1793, s. 34
https://www.digitalarkivet.no/kb20070914620696
  
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Svar

Gå tilbake til «Sunndal: Sunndalsboka»