Skifte Søre Sunnmøre 1839

Moderator: MOD_tydehjelp

Svar
Kjell Jan Remø
Innlegg: 296
Registrert: 23. november 2016 kl. 18.14
Sted: LEIKANGER

Skifte Søre Sunnmøre 1839

Legg inn av Kjell Jan Remø » 21. august 2022 kl. 11.34

På høgre side, venstre spalte finn vi eit skifte på garden Hatløe. 

Søre Sunnmøre sorenskriveri, SAT/A-4122/1/3/3A/L0013: Skifte- / Skifteutloddings- / Skifteslutningsprotokollar, 1836-1840, s. 473b-474aBrukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20090128620482

Litt uvanleg får dei fleste kreditorane dekka sine krav fullt ut med kontantar.Unntaket er nr. 21 (og dessutan enka) .  Sjå nesten heilt på slutten av skiftet, høgre side, høgre spalte.
Kva skjuler seg bak nr. 21 , dvs. setninga som vert avslutta med ‘ 1 koe heder Teitra 5-0-0’  ?
 
 
 
 
 

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5702
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Skifte Søre Sunnmøre 1839

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 21. august 2022 kl. 14.13

"21 Stervboenken for begravelsesomkost
ninger ..?? udl"

Kjell Jan Remø
Innlegg: 296
Registrert: 23. november 2016 kl. 18.14
Sted: LEIKANGER

Re: Skifte Søre Sunnmøre 1839

Legg inn av Kjell Jan Remø » 21. august 2022 kl. 16.10

Mange takk Ivar.  :D
 
Det var altså  'begravelsesomkostninger' !
Vedkomande det vart halde skifte etter drukna og kom aldri i vigd jord. 
(Ikkje å finne i kyrkjeboka for Ulstein)
Eg har levd i den tru at det ikkje vart refundert 'begravelsesomkostninger' så lenge det ikkje var jordfesting.

Det må bety at det vart arrangert ei eller anna samkome for å minnast avdøde ?
 

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5702
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Skifte Søre Sunnmøre 1839

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 21. august 2022 kl. 16.26

Det får du kanskje ikkje svar på ...
Men vi ser i ein del tilfelle at presten heldt likpreike over folk som hadde kome bort på sjøen.
Det hadde ein kostnad. I tillegg kunne dei nok ha minnesamver/gravøl.

Nils var ein av karane om bord i storebåten frå Hatløya, som kom bort 27.mars 1838 (bygdeboka seier 1837, men det er feil).
Det var skifte i tur og orden etter alle fire brukarane.
Ingen av dei er førte i kyrkjeboka.

Kjell Jan Remø
Innlegg: 296
Registrert: 23. november 2016 kl. 18.14
Sted: LEIKANGER

Re: Skifte Søre Sunnmøre 1839

Legg inn av Kjell Jan Remø » 21. august 2022 kl. 17.01

Igjen takk Ivar ! :D
 
 

Svar

Gå tilbake til «Hjelp til tyding av kildemateriale»