Lensregnskap, Sunnmøre, Møre og Romsdal 1609-1610, Sakefall

Moderator: MOD_tydehjelp

Svar
dn10925
Innlegg: 62
Registrert: 14. februar 2011 kl. 13.08
Sted: OSLO

Lensregnskap, Sunnmøre, Møre og Romsdal 1609-1610, Sakefall

Legg inn av dn10925 » 4. juli 2012 kl. 22.58

Kan nokon hjelpe til å tyde siste sakefall på venstre side (før Rødued skibreide)?
Permanent sidelenke

Jacob Jennsson paa Rødsetter .... aff forledenn

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5700
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Lensregnskap, Sunnmøre 1609-1610, Sakefall

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 4. juli 2012 kl. 23.47

om lag slik:
"Jacob Jennssenn paa Rødsetter Restede aff forledenn
Aars Sagefald, for att hannd Saa Meilligenn(?) forholdt
Sig Med fougdenn paa Neste forlidenn Skattethingh,
som hand nu haffuer givett ??erdt for,
Pennge -- xl (40) daller"

Lensreknskapen - med sakefall - for året før har vel kome bort, så då får du neppe vite kva Jakob hadde gjort.

Med (minst) 40 dalarar i bot, må det ha vore noko langt meir alvorleg enn "vanlege" slagsmål og horeri (2-4 dr). I 1606/07 var 40 dalarar taksten for æressaker og brotsverk mot kongen.
til dømes
"Iffuer Gutorumsenn paa Erstad for hand scheldett sinn grannde Iffuer Olsenn for enn Thiuff Och Kunde hannom dett icke offuer Beuisse, gaff Pendinge ---- xL dr"

"Peder Offuerdall medt ssienne medbrødre som Bygte enn Baad till Kon: Mayts behoff, fordj
Wforløffuis Optog fisch, Kornn och Andett sligt, aff Almougenn i Dale schibreid for samme baadtzs Bekostning gaff Pendinge ---- Lx dr"
http://folk.ntnu.no/ivarse/avskr/sakefall1607.html

dn10925
Innlegg: 62
Registrert: 14. februar 2011 kl. 13.08
Sted: OSLO

Re: Lensregnskap, Sunnmøre 1609-1610, Sakefall

Legg inn av dn10925 » 5. juli 2012 kl. 0.25

Takk skal du ha Ivar, eg har i fleire høve hatt stor nytte av dine avskrivingar av Pengeskatten 1603 og Lensrekneskap 1606/07!

Eg kan ikkje finne lensrekneskap frå året før, men iflg Voldasoga måtte Jakob i 1606 møte i lagretten i høve to saker gjeldande grenser og tvistemål mellom gardar. Det er også nemnt at han hadde hogge tømmer til eit skip han hadde ståande på skipsvervet sitt. Kanskje var det ulovleg tømmerhogst?

"Endeleg fastsette lagretten at den av prestane som hogg i annan manns mark, han skulle utan all orsaking eller rettergang betale 20 gode daller til Kongl. Mayestets, och 3 tønder meel till de fattige."

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5700
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Lensregnskap, Sunnmøre 1609-1610, Sakefall

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 5. juli 2012 kl. 7.53

Voldasoga b.2 s. 184f. Det er uklart kva kjelde Olav Riste (som har skrive dette) kan ha hatt, for rettargangsdokument finst ikkje før nokre tiår seinare.
"R.J.Vassbotn" er nemnd - og då er det vel Rasmus Jakobson Vassbotn med "Tidsregister" som er meint (frå 1700-talet). "Moritsboka" er også nemnd.

dn10925
Innlegg: 62
Registrert: 14. februar 2011 kl. 13.08
Sted: OSLO

Re: Lensregnskap, Sunnmøre 1609-1610, Sakefall

Legg inn av dn10925 » 5. juli 2012 kl. 22.50

Eg kan ikkje finne denne saka nemnd i Rasmus Mork/ Aarviknes si avskriving av Moritsboka.

Når det gjeld tydinga av sakefallet ovanfor, meiner eg at fyrste bokstaven i ??erdt er ein K, slik eg kan tyde det frå andre stadar i dokumentet.
Førstebokstaven i Meillingenn tek eg for å vere ein V/U. Går att i mellom anna i ordet Udfattig
Forholdt han seg uvillig mot fogden?

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5700
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Lensregnskap, Sunnmøre 1609-1610, Sakefall

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 6. juli 2012 kl. 8.33

M og V er ganske like.... Her kan det vere ein W. Dersom det er V (eller M) må det vere noko mellom denne bokstaven og "illigen" - og eg ser ikkje noko som passar, anna enn ein ekstra stav som gjer V til W.
altså "Willigen"

eg har ikkje noko betre forslag ennden k-en. Det er i så fall ein liten k (som i Bjørkedal), jf. Knud eit par plassar på denne sida og Karen øvst på førre sida.
Dei tre siste må vere "-rdt", og så manglar det ein bokstav (eller to?).

dn10925
Innlegg: 62
Registrert: 14. februar 2011 kl. 13.08
Sted: OSLO

Re: Lensregnskap, Sunnmøre 1609-1610, Sakefall

Legg inn av dn10925 » 6. juli 2012 kl. 10.52

Wbilligenn? Det same ordet er å finne to sakefall opp på same side.

Finn det også her:

"Steffenn Thieruog for hannd Wbilligenn offuerfaldt
Albrett Sanduig paa Herøe Kierckegaard, gaff
Pendinge --- iiij dr
Rugsølff --------- vj lod"
folk.ntnu.no/ivarse/avskr/sakefall1607.html

Takk for hjelpa Ivar, og ha ein fin sommar. No tek eg ferie

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5700
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Lensregnskap, Sunnmøre 1609-1610, Sakefall

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 6. juli 2012 kl. 13.15

Eg trur du har rett i "Ubilligen"; det kan forklare at 20 dalarar (ifl. Riste) året før vart til 40 dalarar dette året.

For det siste ordet kunne "kvidt" (kvitt, oppgjort) passe med samanhengen - men ikkje heilt med bokstaveringa her.

Svar

Gå tilbake til «Hjelp til tyding av kildemateriale»