Lillestrøm: Pauline/Lina og Nils Jenssen (Heggelund)

Moderator: MOD_Akershus

Svar
Brukeravatar
dn24983
Innlegg: 5
Registrert: 18. april 2012 kl. 16.44
Sted: TRONDHEIM

Lillestrøm: Pauline/Lina og Nils Jenssen (Heggelund)

Legg inn av dn24983 » 19. april 2012 kl. 12.54

Hei!

Eg søkjer meir informasjon om Pauline og familien hennar: Jenssen/Heggelund i Lillestrøm. Er det nokon som kjenner denne huslyden?

Dette er det eg har så langt:

Pauline vart fødd 14.4.1850 i Marsteinstredet i Lom, d. __. Pauline reiser til Skedsmo – og giftar seg med Nils Jenssen. Ved ft. 1875 er ho komen til «Løkenfladen» i Skedsmo, som tenestjente. Fem år seinare (28.12.1880 i Skedsmo) vart ho gift med sagarbeidar Nils Jenssen (nemnt Heggelund ved vigselen, ikkje sidan), f. 6.2.1858 på Smedbråten i Skedsmo (kalla Vestbyeie ved dåpen) , d. __. Foreldra hans var Jens Nilsson og Maren Larsdotter Smedbråten – han er nemnt sagmeister, han jobba som det i tillegg til å ha husmannsplassen Smedbråten i 1865 óg. Her er Nils i tillegg kalla Nils Jørgen (sjølv om han er døypt berre «Niels»).

Ved ft. 1900 var Pauline og Nils i Elvegata 4 i Lillestrøm, han var «Sagarbeider, huseier» og ho husmor – ho er no kalla berre Lina. Vi finn att Lina Jenssen som huseigar i Elvegata 4 i 1910 óg: «Huseier, manden i Amerika», Jørgine budde hjå henne då.

Karane reiser til Amerika
Eldstesonen Karl Johan reiser ut allereie 9. mars 1906 frå Kristiania, med båten Salmo til Washington – han nemnt 18 år gamal sagarbeidar. Nils og Olaf reiste frå Kristiania med båten Montebello på dagen eitt år etter Karl Johan reiste – 9. mars 1907. Målet med reisa var Washington og å tene pengar, både Nils og Olaf var nemnte høvleriarbeidarar – kanskje møtte dei Karl Johan der, eller at det var han som fekk dei over?

Reiste Lina/Jørgine etter – eller kom karane heimatt?

Borna til Pauline og Nils:
1. Karl Johan, f. 1.7.1887 i Lillestrøm (sagarb. Gunnar Thoresen, Lillestrøm, er blant fadrane) , d. __. Reiser til Washington i 1906.
2. Olaf, f. 28.7.1890 i Lillestrøm (faren her kalla «Sagarb. Niels Jørgen Jensen Volle/Volla») , d. __. «Olaf Nils. Heggelund» vart med faren over til Washington i 1907.
3. Jørgine Kaspara, f. 1.1.1894 i Lillestrøm , d. __. Ho budde heime hjå mor si ved ft. 1910: «Sætterske ved Avistrykkeri» var hennar sysselsetjing då, ugift.

Einkvan som har meir på denne familien?

(legg inn etterspurnad på Digitalarkivet òg)

Brukeravatar
dn24983
Innlegg: 5
Registrert: 18. april 2012 kl. 16.44
Sted: TRONDHEIM

Re: Lillestrøm: Pauline/Lina og Nils Jenssen (Heggelund)

Legg inn av dn24983 » 19. april 2012 kl. 12.58


Svar

Gå tilbake til «Skedsmo»