Selges: Bok om Sunndals-slekter - supplement til bygdeboka

Relatert til slektsforskning. Reklame tillates ikke andre steder i Slektsforum

Moderator: MOD_kjopsalg

Svar
Knut Sæther
Innlegg: 3051
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Selges: Bok om Sunndals-slekter - supplement til bygdeboka

Legg inn av Knut Sæther » 18. februar 2007 kl. 12.17

Forfattar og utgjevar: Knut Sæther
Tittel: Meir om befolkninga i Sunndal på 1800-talet. Eit supplement til Sunndalsboka bind 1-5.
Sider: 572
Utgitt: 2006
ISBN: 82-303-0587-0

Boka inneheld nye opplysningar om personar og familiar på 1800-talet og slutten av 1700-talet, og fyller mange hol i den frå før eksisterande slektshistoria for Sunndal, nemleg Sunndalsboka. Mellom anna blir mange hundre personar frå dåpsregistra i kyrkjebøkene - personar som ikkje har kome med i Sunndalsboka - presentert, og boka byr på informasjon som berører dei fleste gardane og plassane i gamle Sunndal kommune. Lengst bak i boka finst det seks forskjellige namneregister som gjer det lettare å finne fram i ho. Boka blir i dag (2013) levert med eit vedlegg med rettingar og nokre tilleggsopplysningar som har kome til sidan ho kom ut.

Boka kan bestillast direkte hos forfattaren: tlf.: 924 06 885, e-post: [email protected]. Ho kostar da kr. 250 + porto/frakt. Elles er boka å få kjøpt hos Notabene Sunndal på Sunndalsøra.

Svar

Gå tilbake til «Kjøp og salg»