
Foreldre Kristian Olsen Frøsen og Elen Margrethe Gudmundsdtr.
Hans Andreas gifta seg 01.09.1899 med Kristianne Fredrikke Halvorsdtr. Velde(f.1874)på Avaldsnes.
Kristine Margrethe vert f.26.05.1900, og Hildur Mathilde(mor til Hans)vert fødd 18.01.1902. Familien budde i Sørhauggt. i Haugesund.
Dei finnes ikkje i FT1900, men ser av krk.bøkene at dei budde i Haugesund.
Hans Andreas mønstra på ein båt i april 1902, og rømde i Boston ein mnd seinare.
Det er ein Hans Christiansen (g.m. Hanna) i Kings Co NY, som eg lenge trudde var rett, men han er sjekka ut av saka.
Då kona (ho står ført som skilt i FT1910) døydde i 1950, står det at mannen er/var i Seattle, Hans trur det er noko døtrene har funne på avdi det var ei stor skam at ho var blitt forleten, og heller ikkje visste kvar mannen var.
Begge foreldra hans døydde før 1900.
Det hadde vore fantastisk å kunna teke ein tlf. til Hans som no er i byrjinga av 80-åra, og fortalt at endeleg veit me kva som skjedde med morfaren din

Har laga eit tema på Digitalarkivet også: http://forum.arkivverket.no/topic/18291 ... try1553196