Andreas Andersson Strand og Synneve Olsdtr. frå Nordfjord

For etterlysn. som ikke kan plasseres på undernivå

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Harald Lorentz Bakke
Innlegg: 952
Registrert: 2. september 2006 kl. 13.56
Sted: DAVIK

Andreas Andersson Strand og Synneve Olsdtr. frå Nordfjord

Legg inn av Harald Lorentz Bakke » 1. november 2011 kl. 13.04

Eg ynskjer opplysningar om ekteparet Andreas Andersson Strand f. 19.04.1889 på Søre Strand i Olden (Foreldrer Anders Lasseson og Synneve Andersdtr.) og Synneve Alette Olsdtr. f. 1.9.1893 på Seljeset i Hornindal (foreldrer Ole Martines Olson Auflem og Oline Ingebrigtsdtr. Seljeset)

Andreas var skomakar og i følge "Hornindal Nordfjord - Ætteliste for kvar gard i bygda" flytta dei til Romsdalen, men ikkje nemnd kvar i Romsdalen dei budde.
Synneve er oppgjedd død i 1986 i same boka.

Andreas og Synneve gifte seg i Olden 15.6.1922 nr. 3 s. 133 :
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-120


Opplysningar om evt. etterkommarar kan takast på PM ettersom det er sannsynleg at dei kan være i live.

Harald Lorentz Bakke
Innlegg: 952
Registrert: 2. september 2006 kl. 13.56
Sted: DAVIK

Re: Andreas Andersson Strand og Synneve Olsdtr. frå Nordfjor

Legg inn av Harald Lorentz Bakke » 25. mars 2012 kl. 8.33

Ettersom eg ikkje har fått respons her, har eg idag rykt inn same etterlysning i Sogn og Fjordane Stryn i håp om respons.

gj14300
Innlegg: 72
Registrert: 4. juli 2011 kl. 22.27
Sted: Bergen

Re: Andreas Andersson Strand og Synneve Olsdtr. frå Nordfjor

Legg inn av gj14300 » 2. april 2012 kl. 14.26

Dersom det står "Romsdalen" så er det kanskje sjølve dalføret i Rauma kommune som er meint. På Sunnmørssida er det oftast dalføret vi siktar til når vi seier "Romsdalen" i bestemt form.

Harald Lorentz Bakke
Innlegg: 952
Registrert: 2. september 2006 kl. 13.56
Sted: DAVIK

Re: Andreas Andersson Strand og Synneve Olsdtr. frå Nordfjor

Legg inn av Harald Lorentz Bakke » 2. april 2012 kl. 15.28

Takk for den opplysninga Erik, alltid noko nytt å lære og ta med seg! :D

Brukeravatar
dn04977
Innlegg: 1752
Registrert: 14. november 2004 kl. 18.33
Sted: SØVIK
Kontakt:

Re: Andreas Andersson Strand og Synneve Olsdtr. frå Nordfjor

Legg inn av dn04977 » 2. april 2012 kl. 16.38

Erik skrev:Dersom det står "Romsdalen" så er det kanskje sjølve dalføret i Rauma kommune som er meint. På Sunnmørssida er det oftast dalføret vi siktar til når vi seier "Romsdalen" i bestemt form.


Well Erik :lol:

Her ute langs kysten (på mine trakter) sei mei inn i Romsdalen og då er vi kun komt over Ørskogfjellet/Nakkefjellet.

Når det gjelder dalføret sei mei oppi eller frami Romsdalen.

Ha ein fin påske alle sammen.

Mvh
Ingmar 8)
mvh Ingmar Seth

Slektsblogg: http://ingmarsblogg.blogspot.com/

Slektsdatabase: http://ingmarseth.net/

gj14300
Innlegg: 72
Registrert: 4. juli 2011 kl. 22.27
Sted: Bergen

Re: Andreas Andersson Strand og Synneve Olsdtr. frå Nordfjor

Legg inn av gj14300 » 2. april 2012 kl. 17.17

Absolutt eit tvetydig begrep dette. Ein sunnmøring (iallefall på indre strøk) seier gjerne over på "Romsdalssida" når ein krysser grensa til fogderiet Romsdal.

God påske på begge sider av Ørskogfjellet!

Randi Ingunn Selnes
Innlegg: 204
Registrert: 28. august 2005 kl. 22.17
Sted: AUKRA

Re: Andreas Andersson Strand og Synneve Olsdtr. frå Nordfjor

Legg inn av Randi Ingunn Selnes » 4. april 2012 kl. 11.55

På denne tida hette fylket Romsdals amt og omfatta alle tre fogderia, Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Det var ein del utflyttingar fra Hornindal på 1800-tallet til Vestnes i Romsdal, m.a. kom ei tippoldemor av meg denne veien.

Mvh. Randi Ingunn Selnes

Harald Lorentz Bakke
Innlegg: 952
Registrert: 2. september 2006 kl. 13.56
Sted: DAVIK

Re: Andreas Andersson Strand og Synneve Olsdtr. frå Nordfjor

Legg inn av Harald Lorentz Bakke » 5. april 2012 kl. 7.02

Takk for innspel og god påske til dåkke alle saman! :D

Kjell Farstad
Innlegg: 1906
Registrert: 8. oktober 2012 kl. 11.24
Sted: SKÅLA

Re: Andreas Andersson Strand og Synneve Olsdtr. frå Nordfjor

Legg inn av Kjell Farstad » 14. april 2012 kl. 22.50

Harald skrev:.....flytta dei til Romsdalen, men ikkje nemnd kvar i Romsdalen dei budde.
Synneve er oppgjedd død i 1986 i same boka.


Hei.
Dåpen til Synnøve Alette f.01.09.1893.
Kjenner du til hvor Synnøve oppholder seg i 1910?
Kan det være denne Synnøve Seljeset i 1910,fødselsdato og fødested er feil.
Om dette er den riktige Synnøve så er hun i tjeneste hos en familie som har
ansvaret for en telefonsentral i Halkelsvik i Volda. Noe som kan lede videre når
det gjelder Synnøve. Men først, hvor er din Synnøve i 1910?

Brukeravatar
Helge Bjerkevoll
Innlegg: 3154
Registrert: 10. desember 2004 kl. 22.15
Sted: REKDAL
Kontakt:

Re: Andreas Andersson Strand og Synneve Olsdtr. frå Nordfjor

Legg inn av Helge Bjerkevoll » 15. april 2012 kl. 1.30


Svar

Gå tilbake til «Romsdal - ukjent kommune»