Lensmenn

Moderatorer: MOD_Slektsfaglig, MOD_Kildereg

Svar
gj12483
Innlegg: 77
Registrert: 22. januar 2011 kl. 17.13
Sted: Ålesund

Lensmenn

Legg inn av gj12483 » 29. juli 2015 kl. 19.43

Hei,

Finst der nokon gode kjelder for oppnemning av lensmenn og gjerne andre embetsmenn òg? Eg liker å ha autoritative kjelder for detaljane mine, og no sit eg på nokre årstal utan kjelde. Dokumentasjon av avskjed er i og for seg òg interessant.

Eg biller meg inn at dete burde vera enkelt å finna. Dei er sentrale og ikkje særleg mange ... Likevel har eg ikkje klart å finna noko.

Det akutte behovet gjeld Fitjar og Sund og Austevoll frå ca. 1865-ca. 1920. Nokon tips?

På førehand takk for hjelpa

:-- Hans Georg

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5700
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Lensmenn

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 29. juli 2015 kl. 20.29

Amtmannen utnemnde, så den absolutte kjelda må vel vere i arkivet hans.

Så skulle det vel kunngjerast, og frå 1883 ville eg ha sett i "Norsk Kundgjørelsestidende" (seinare Norsk Lysingsblad).

Svar

Gå tilbake til «Kilder og metode»