Erik I Yngve-Frøy Njordson

Moderatorer: MOD_Slektsfaglig, MOD_Kildereg

Svar
gj12483
Innlegg: 77
Registrert: 22. januar 2011 kl. 17.13
Sted: Ålesund

Erik I Yngve-Frøy Njordson

Legg inn av gj12483 » 5. august 2014 kl. 21.23

Dette gjeld mytiske anar, og lurer på om nokon kjenner relevante kjelder. Jaja, eg veit at dette er tvilsom slektsgransking, men det er do slektsgransking av ei anna tid, og eg er nyssgjerrig like fullt.

Svært mange slektstre slektstre på nettet har to slektsledd der Snorre har eitt; mellom anna gedcom-fila åt Kelly Petit. Der er ein Erik I Yngve-Frøi Njordson som er son til Frei Njordson og dermed soneson til Njord. Hjå Snorre er dette berre éin person, Frøi som òg er kjend som Yngve. Namnet Erik I finn eg ikkje.

Eg reknar med at alle slektstrea på nettet har kopiert kvarandre. Er der nokon som kjenner andre kjelder der Yngve-Frøi er soneson til Njord, og/eller har namnet Erik? Kvar kan det ekstra slektsleddet stamma fra? TIA

Svar

Gå tilbake til «Kilder og metode»