Skjebne til uønska barn

Moderatorer: MOD_Slektsfaglig, MOD_Kildereg

Svar
gj03619
Innlegg: 65
Registrert: 9. april 2019 kl. 15.16
Sted: FØRDE

Skjebne til uønska barn

Legg inn av gj03619 » 18. november 2008 kl. 20.55

Leitar etter kva som skjedde med eit barn der foreldra var søsken.

Vedkomande fødd mellom 1860-1880.

Den fødde skal ha vore frisk og "pen".

Personen forsvunne for meg frå kjeldene etter at eg fann fødsels-og dåpsdato i kyrkjeboka.

Kjenner dåpsnamnet, namnet på foreldra, fadrane, fødekommune på vedkomande.

Folketeljingane 1891 og 1900:
Søk på dåpsnamnet utan funn. Kanskje har "sett" personen i folketeljingane, men utan at eg har visst om det.

Prestearkivet for prestegjeldet ved aktuelle statsarkiv er granska etter spor av vedkomande utan at funn er registrert.

Amtmann, juridiske styresmakter er kan hende aktuelle kjelder; vergemenn, vergeråd eller liknande?

Ikkje leita i arkiv frå fattigstell og liknande institusjonar, arkiv derifrå per i dag ikkje ordna i gjeldande kommune.

Kanskje fått ny identitet og ny bustad?

Kva var vanleg med slike tilfelle på denne tida?
Sist redigert av gj03619 den 19. november 2008 kl. 20.29, redigert 1 gang totalt.

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5700
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Skjebne til uønska barn

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 19. november 2008 kl. 11.56

..kjenslevart emne.... Eg reknar med at tilfellet finst att i rettsprotokollane frå den tida. Jamvel etter dagens straffelov (§ 198; sist endra 2000), er det (inntil) eitt års fengsel for slike tilfelle - for dei som er over 18 år. Men det vil vere foreldra du finn att, ikkje barnet.

Det var neppe så mange tilfelle den gongen, men det forekom, som du ser. Lagnaden for barnet var nok ulik frå tilfelle til tilfelle.

Det fanst ikkje formelle ordningar for adopsjon, men barn kunne verte "sette bort" som fosterbarn. Kor mykje dei fekk vite om opphavet ymsa nok. Det kan vere at dei få som visste, heldt det for seg sjølve. Dersom den nyfødde vart "sett bort" og han/ho og omgjevnadene ikkje fekk vite noko om opphavet - og familien ikkje fekk vite kvar barnet vart av - så kan ein snakke om ein "ny identitet".
Men det fanst ikkje noko sentralt register der "identiteten" kunne endrast.

Eg vil tru at "fattigstellet" på den tida omfatta det meste av det kommunale sosialvesenet - så arkivet deira burde innehalde noko om saka. Men om dei ansvarlege ville ordne saka i det stille (og det er ikkje usannsynleg), er det ikkje sikkert saka er nemnt med meir enn eit par linjer om at eit barn er "sett bort".

Brukeravatar
Helge Bjerkevoll
Innlegg: 3154
Registrert: 10. desember 2004 kl. 22.15
Sted: REKDAL
Kontakt:

Re: Skjebne til uønska barn

Legg inn av Helge Bjerkevoll » 19. november 2008 kl. 18.30

Ja det er nok litt sensitivt dette, og har derfor sendt en privat melding som kanskje er til hjelp.

Liv Marit Haakenstad
Innlegg: 392
Registrert: 15. november 2004 kl. 10.02
Sted: HAMAR
Kontakt:

Re: Skjebne til uønska barn

Legg inn av Liv Marit Haakenstad » 6. januar 2009 kl. 23.12

Hei!
Jeg har holdt på å lese litt om dette de siste dagene. Sølvi Sogner har redigert en bok om emnet (Bok eller bryllup), men den tar for seg eldre tid (til rundt 1812 ser det ut til). Yngvar Nedrebø skrev om emnet i Heimen 1/1995. Her skilles det på "egentlig" og "uegentlig" i forbindelse med blodskam. "Egentlig" er nær slekt, "uegentlig" er inngifte. Nedrebø skriver s. 24 at forordning av 23. mai 1800 avkriminaliserte blodskam ved "uegentlig." Han nevner 9-12 års fengsel fra 1842. Det var en straffesak, og den skal kunne finnes i tingboka.

Hilsen
Liv Marit Haakenstad

Svar

Gå tilbake til «Kilder og metode»