Kva hende med Halstein Torkjelsson og Guro?

For etterlysninger som ikke kan plasseres på ett av undernivåene

Moderator: MOD_Hordaland

Svar
gj14398
Innlegg: 50
Registrert: 12. august 2011 kl. 20.03
Sted: SANDVOLL

Kva hende med Halstein Torkjelsson og Guro?

Legg inn av gj14398 » 14. august 2011 kl. 13.00

Eg er på jakt etter ettermælet etter eit ektepar som sat med garden Bjørgjo på Halsnøy frå 1755 til 1757. Ho heitte Guro (ukjent f.dato) og var dotter av Hans Bjørgjo, som var fødd i 1697. Ho gifta seg med Halstein Torkjelsson, og dei tok over garden etter Hans i 1755.

I 1757 hadde dei ått garden i to år, då dei fekk sin andre son, Hans. Soga seier at då paret skulle søke kyrkje første gong etter fødselen, skulle presten etter gammal skikk leie Guro og barnet inn i kyrkja, noko han tok seg betalt for. Men Halstein var ikkje i god råd og ville prute med presten, men utan nytte. Fortvila laga han oppstyr i kyrkja før han sjølv leidde ho inn, noko presten tok svært ille opp. Han stemna dei for tinget og ville ha erstatning, men pengelense så dei var, så enda det med tvangsauksjon på garden året etter. Garden vart seld til Kolbein Paulsson Sæbø, frå prestegarden i Etne, og han flytta hit i 1758 saman med kona.

Etter dette veit me at Halstein og Guro budde eit par år på Toftekalven, men etter dette er det ingen som veit kva som skjedde med verken dei eller borna deira.

Eg har søkt rundt omkring i ulike kjelder, men klarer ikke å finne noko!

Er det nokon som veit noko om desse?

gj14398
Innlegg: 50
Registrert: 12. august 2011 kl. 20.03
Sted: SANDVOLL

Re: Kva hende med Halstein Torkjelsson og Guro?

Legg inn av gj14398 » 2. juni 2013 kl. 20.37

Framleis på jakt etter opplysningar om dei to :)

gj11900
Innlegg: 80
Registrert: 19. desember 2010 kl. 18.43
Sted: Rubbestadneset

Re: Kva hende med Halstein Torkjelsson og Guro?

Legg inn av gj11900 » 3. juni 2013 kl. 18.30

Her er iallfall Siri Halsteinsdotter (fødd på Toftekalven 1761) i 1801 på Skålnes Ytre, Skånevik
http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCen ... 09789#ovre

Om du har Skåneviksoga IV (eller kan låna den), står det litt om dei på side 33.

Har ikkje funne noko om Halstein og Guro, men dei var truleg døde i 1801.


Mvh
Marie Skålnes (indre)

gj11900
Innlegg: 80
Registrert: 19. desember 2010 kl. 18.43
Sted: Rubbestadneset

Re: Kva hende med Halstein Torkjelsson og Guro?

Legg inn av gj11900 » 3. juni 2013 kl. 19.46

Siri Halsteinsdotter er kalla Bjørgjo då ho gifte seg i 1792:

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-100
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 620059.jpg

Kan familien ha flytta attende til Bjørgjo etter å ha vore på Toftekalven nokre år?

Siri er konfirmert i 1778 i Holmedal sokn, dessverre står det ikkje gardsnamn bak farsnamnet:

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-105
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 610454.jpg

Har ikkje funne syskena hennar konfirmerte i Skånevik, men det er jo ikkje sikkert dei vaks opp.

gj11900
Innlegg: 80
Registrert: 19. desember 2010 kl. 18.43
Sted: Rubbestadneset

Re: Kva hende med Halstein Torkjelsson og Guro?

Legg inn av gj11900 » 3. juni 2013 kl. 20.13

Ifølge rettingar til Skåneviksoga (bak i band IV), hadde Guro og Halstein og ei dotter Brita fødd i 1765, konfirmert i 1783, ser ut til å vera i Åkre sokn:

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-106
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 610455.jpg

Ho var gift med Erik Torkjelsson frå Holmaseid under Aksdal i Etne.

Her er dei på Birkenes i Etne (plasset Vaulen) i 1801:
http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... k=896#ovre

Ca. 1802 flytta dei til Øspevikjo under Sandvik i Skånevik.

gj11900
Innlegg: 80
Registrert: 19. desember 2010 kl. 18.43
Sted: Rubbestadneset

Re: Kva hende med Halstein Torkjelsson og Guro?

Legg inn av gj11900 » 3. juni 2013 kl. 20.39

Brita og Erik gifte seg i Skånevik i 1791, sjå høgre sida:

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-98
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 620056.jpg

gj14398
Innlegg: 50
Registrert: 12. august 2011 kl. 20.03
Sted: SANDVOLL

Re: Kva hende med Halstein Torkjelsson og Guro?

Legg inn av gj14398 » 9. juni 2013 kl. 0.13

Sjå her ja! Tusen takk, Marie, skal passe å føre det inn i "protokollen" ;-)

Svar

Gå tilbake til «Hordaland - ukjent sted»