Rasmusen Knutsen Løset. Bygdebok Dyrøy kommune. LØYST!

Moderator: MOD_Troms

Svar
Kai Løseth
Innlegg: 814
Registrert: 7. mars 2006 kl. 17.25
Sted: ÅLESUND

Rasmusen Knutsen Løset. Bygdebok Dyrøy kommune. LØYST!

Legg inn av Kai Løseth » 24. juni 2018 kl. 13.34

Eg prøver å finne opplysninger om bror til min tippoldefar Rasmus Knutsen Løset, fødd 1818 i Ørskog kommune på Sunnmøre. Har funne han i kyrkjebøker i Troms.

Gift 1847. Han er då «Snedker» og oppheld seg på «Forsaa»:
https://www.digitalarkivet.no/kb20070605640185

Då eldste datter vart døypt i 1848 er han «Snedker», Espejord. Berthe, nr 12:
https://www.digitalarkivet.no/kb20050309020930

1850 vert barn nr to døypt. Han er då kalla «Gaardbruger», Espejord. Jens Nicolai, nr 23:
https://www.digitalarkivet.no/kb20050309020950

Barn nr tre vert døypt 1852. No er han kalla «Grdm» (Gaardmann), Dybvig. Jørgine Fredrikke, nr 36:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-82

Finst han nemnd i bygdebøker for området? Har han kjøpt eller bygsla gard? Om der skulle stå noko om han kan eg evt prøve å låne bok på biblioteket.
Har studert på kvifor han reiste heilt til Troms den tida. Kan det i starten ha vore for å drive fiske?
Mvh
Kai L.

Kai Løseth
Innlegg: 814
Registrert: 7. mars 2006 kl. 17.25
Sted: ÅLESUND

Re: Rasmusen Knutsen Løset. Bygdebok Dyrøy kommune. LØYST!

Legg inn av Kai Løseth » 24. juni 2018 kl. 17.52

Her kom eit svar, som no er blitt stroke.
Det gav meg ideen å søke i nb.no. Der fann eg bygdebøkene for Dyrøy, og her i bd 3 side 117 fann eg opplysningane eg var ute etter:
https://www.nb.no/items/c8ea427b5f7d594 ... chText=dyrøy
Mvh
Kai L.

Svar

Gå tilbake til «Dyrøy»