Legg inn
av Nils Olav Vennevik » 20. august 2009 kl. 1.13
Hei, Torhild!
Først; som du sjølv er inne på, er geografien viktig i slektsgranskinga. Eit søk på Ju i ft 1865 for 1751 Nærø fører fram til 3 familiar. To av desse bur i Juvika i Vigten prestegjeld, og det er sikkert desse du har funne i Viknaboka. Men den tredje familien bur i Nærø prestegjeld, og det er jo denne du etterspør.
Dis sine sider avslører meir: Under slektshistoriske kilder => Nord-Trøndelag => Nærøy står det å lese at det gamle, store prestegjeldet etter deling i 1797 sto tilbake med Nærøy og Vikna sokn. Desse samsvarar stort sett med kommunane Vikna og Nærøy fram til den nye storkommunen Nærøy vart etablert i 1964. Og under Vikna i slektshistoriske kilder finn du at Vikna seinare vart eige prestegjeld i 1914. I 1865 var det mao. framleis to sokn i prestegjeldet.
Di Juvik låg altså aust for Nærøysundet. Litt vidare søk på 2det skuledistrikt eller på side 43 i ft 1865 for Nærø, avslører at Juvig låg under Torstad, dvs. på Nærøys største øy Kvingra. Gamle Nærøy kommune er omhandla i bd. IV og V i Nærøy bygdebok. Neste trinn kan vera å gå inn på Matrikler under Genealogiske ressurser. Dette fører fram til den landsdekkande gardsmatrikkelen av 1886, og søk på Torstad i Nord-Trøndelag viser at garden faktisk hadde gnr. 1 i den gamle kommunen. Ut frå dette faktum går mistanken meir spesifikt i retning bd. IV av bygdeboka, og da skal ein ikkje leite lenge før den riktige Juvika dukkar opp! Og der er familien referert, s. 68-69.
Helsing Nils Olav, som etnisk er 3/4 viknaværing