Lars Johansson (Dahl) på Asbøll (c.1713?-1786)

Moderator: MOD_Sør-Trøndelag

Svar
dn07176
Innlegg: 478
Registrert: 20. september 2005 kl. 20.19
Sted: TRONDHEIM

Lars Johansson (Dahl) på Asbøll (c.1713?-1786)

Legg inn av dn07176 » 26. januar 2015 kl. 20.06

Eg er på jakt etter opphavet til Lars Johansson Dahl, truleg født omlag 1713, død i Orkdal 1785.

Den 19. jan 1745, "hieme i huuset på Gaarden Svinsøyen" i Orkdal, vart "welægte unge Karl Lars Johansen Dahl" gift med "Gudfrygtige Pige Ane Andreas Datter Kaldstad". Vitner var gruvedirektøren Hans Møller og Baltzer Heintz. Ikkje lenge etter busette dei seg i Meldal etter at dei 14 apr. 1746 kjøpte Jordhus frå kammerråd Hans Morten Sommer. I dei etterfølgjande åra har eg registrert fire born døypt i Meldal:
1. Andreas, b. 27. des. 1746, faddere: "Major Andreas Grøn, Henric Junchans, Erich Kalsta, Anna Marg. Horneman, Barbro Aspøl"
2. Anne, b. 20 okt. 1749, "Hr. Hans Horneman, Johan Grefstad, Mad. Gidsken Junchans, Ingebor Kalstad, Cathrine Langengkleven"
3. Anne, b. 2. feb. 1753, faddere: "Christian Daldorph, Frideric Ringen, Mad. Grube, Beret Løshuus, Anne Fridrichsdatter"
4. Johan, b. 14. jul. 1754, faddere: "Lieut. Ollohf, Johan Heinz, Joen Sotten, Olaug Skiødskiftten, Maren Skiødskiftten".

Ut frå fadderlista er det vanskeleg å finne nokon som kan vere familie av Lars, medan Ane sin familie går att:
Erik (Andreasson) Kalstad: bror
Barbro (Andreasdotter) Asbøll, f. Kalstad: syster
Johan (Andreasson) Grefstad, f. Kalstad: bror
Ingeborg (Jensdotter) Kalstad, gm. broren Erik
Fredrik (Jonsson) Ringen, tidl. Asbøll, gm. systera Barbo
Anne Fredriksdotter, dotter av overnemnte

Om det er familie av Lars her må det vere anten Cathrine Langengkeiva, Beret Laushus, Jon Såttån(?) eller (naboane) på Skjøtskift - her har eg ikkje rukket å gå inn i familieforholda kring desse enno...

I følgje Meldalsboka selde dei Jordhus til overstiger Henrik Grube i 1768, men har vel kjøpt eine Asbøll-garden av lensmannen Fredrik Jonsson (Moe) i Orkdal før denne tida. I 1760 er han i alle fall omtala som "Lars Johansen Asbøl" når han er formynder for kona si brordotter i eit skifte på Kalstad. Ved ekstraskatten i 1762 er Lars og Ane oppført som sjølveigarar på Asbøll, og med borna Andreas og Ane over 12 år.

I kyrkjeboka finn eg "Lars Johansen Dahl" som fadder i Orkdal to gonger i 1780 og ein gong i 1783 før han til sist dør heime på Asbøll 20. juni 1786. I avskrifta av kyrkjeboka som ligg på digitalarkivet står det at han da var 22 år , men dette må vere feil (står det ikkje 72?):

"112 Kull-fogden ved Løkkens Wærk Lars Johansen Dalh død paa sin paaboende gaard Asbole d. 20d. juni i sit alders 72? Aar".

Ut frå dette kan vi anta at han skal ha vore født kring 1713-14, men her er vel kyrkjebøkene for åra 1709-1714 borte...

No er det vel ikkje noko sjølvsagt at han var frå Orkdal. Riktig nok er det ein plass under Svinsøyen kalla Dalen, men det er lite truleg at han kom herifrå (i Dalen finn vi på denne tida Arnt Tollefsson, f. c.1691, d. 1748). Lars verkar å ha vore tidleg på Verket noko giftermålet i 1745 på direktørgarden Svinsøyen tyder på. Han er omtala som kullfogd både i 1762 og i 1786.

Ein ting vi kan slå i hjel er at han skal ha vore ein bror av lensmannen Fredrik Jonsson som Skrondal foreslår (b. III s 357 - "truleg broren"): Slektskapet er eit svogerskap, ved at dei var gift med systre: Fredrik med Barbro og Lars med Anne, døtre av Meldalslensmannen Andreas Johansson på Kalstad og kona Anne Arntsdotter.

Det einaste eg finn som snev av hint om slektskap er hjå Arnt Stavne: I eit skifte etter Anders Christensson på Kloen, ein plass under Asbøll, i 1765. Anders etterlot seg tre umyndige døtre, og desse skal i følgje skiftedesignasjonane ha fått desse formynderane:

Eli: hendes sødskende barn, Lars Johansen Asbøll
Berethe: hendes sødskende barn, Johannes Johnsen Asbøll
Randi: hendes sødskende barn, Bendt Fridrich. Rønningen

No har prøvd å finne ut korleis eit slik slektskap kan henge saman, og får det ikkje heilt til å gå opp. Eg har prøvd å finne dette att i orginalane som ein kontroll av teksten, men slit litt. I skifteprotokollen her er formyndarane nemnt, men eg kan ikkje så der at dei er omtalt som sykenborn...

Inger Johanne Bjørnaas
Innlegg: 1041
Registrert: 4. desember 2004 kl. 13.57
Sted: RENNEBU

Re: Lars Johansson (Dahl) på Asbøll (c.1713?-1786)

Legg inn av Inger Johanne Bjørnaas » 1. februar 2015 kl. 19.55

Jeg har lagt inn en kommentar i basen min vedr. Lars Johansen Dahl:

En Johan Dalen fikk i 1713 sønnen Lars i Meldal - men om dette er samme person er jeg
usikker på.
(Ketil Mjøen, Porsgrunn, 7.2.2008 20:53 (46) , Tema 53845, WebDebatt)

Har også funne disse barna i tillegg:

Oluff Johanss. Dalen, døpt 2 p. Epiph. 1707
Johan Dalens Siur, døpt F. S. Michael. 1709
Johan Dalens Kari ?, døpt 1 p. Trin. 1712
Kari Johansdt. Dalen, døpt F. visitas Marie 1716 (2.7)

Fant en forlovelse i Meldal i 1711:
Johan Buschmand - min værsøster Elen Meldal

I tilfelle måtte Johan Buschmand ha vært gift før, da Johan Dalen hadde bar allerede i 1707.

Fant ikke noen Johan som passet i tellingen i 1706, så kanskje han kan være kommet til Meldal etter det ?

Jeg mener også at det står 72 år som alder ved dødsfallet til Kullfogd Lars Johansen Dahl.

Inger

dn07176
Innlegg: 478
Registrert: 20. september 2005 kl. 20.19
Sted: TRONDHEIM

Re: Lars Johansson (Dahl) på Asbøll (c.1713?-1786)

Legg inn av dn07176 » 2. februar 2015 kl. 20.04

Takk, Inger. Eg hadde ikkje fått med meg den dåpen (mikkelsmesse i 1713). Har du klart å tyde det som står rett før "Johan Dalen" der?

Namn og alder stemmer jo bra, men det hadde vore greit å hatt noko meire handfast, ja. Klarer ikkje å plassere denne Johan Dalen.


Når det gjeld Johan Buschmand er det kviknepresten det er snakk om som vart gift med Ellen Melchiorsdotter Meldal i 1711. Dei budde på Kvikne og etterlekta er vel etter det eg kjenner til kjent m.a. gjennom skifter. (Ei dotter, Ellen Cathrine f. 1718, vart seinare "gardkjerring" i Øverøyen). Eg trur ikkje dette er same Johan...

Inger Johanne Bjørnaas
Innlegg: 1041
Registrert: 4. desember 2004 kl. 13.57
Sted: RENNEBU

Re: Lars Johansson (Dahl) på Asbøll (c.1713?-1786)

Legg inn av Inger Johanne Bjørnaas » 7. februar 2015 kl. 13.31

Ja, hva som står mellom døpt og navnet, er jeg ikke sikker på. Kanskje det kan være noe latinsk ? (1 bfc: eller noe lignende??) Kan kanskje være lurt å legge spørsmål om dette under "hjelp til tyding av kildemateriale" på dette forumet ?

Inger

Inger Johanne Bjørnaas
Innlegg: 1041
Registrert: 4. desember 2004 kl. 13.57
Sted: RENNEBU

Re: Lars Johansson (Dahl) på Asbøll (c.1713?-1786)

Legg inn av Inger Johanne Bjørnaas » 7. februar 2015 kl. 13.50

Dette kan jo være noen kandidater til Johan Dalen:

Fra Løkkens gruver, 1701, Meldal:
Johan Sivertsen, 25, år bergknekt:
http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webce ... k=837#ovre

Kanskje den samme ?:
http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webce ... k=739#ovre

Johan Johansen, 20, tjener på Buum i Meldal, 1701:
http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webce ... rk=82#ovre

Finner ikke noen som passer i tellingen i 1706, men er ikke sikker på om alle var tatt med der. Det burde jeg visst, men husker det ikke lenger.

Inger

Svar

Gå tilbake til «Orkdal»