Tron Heim (c.1706-1776) - frå Belsvika?

Moderator: MOD_Sør-Trøndelag

Svar
dn07176
Innlegg: 478
Registrert: 20. september 2005 kl. 20.19
Sted: TRONDHEIM

Tron Heim (c.1706-1776) - frå Belsvika?

Legg inn av dn07176 » 13. august 2015 kl. 14.48

Er det nokon andre som har prøvd å sjå nærare på Tron Heim og hans næraste familie og opphav? Eg har god konstroll på etterslekta, men opphav og ektefelle er det verre med...

Eg veit at Hemneslekt har han som same mann som Tron Larsson Østmark som i 1717 vart gift med Ragnhild Jensdotter Heim, og at nemnte Ragnhild er mor til alle borna på Heim, men det er fleire ting som skurrer her:

Det er eit opphold på 12 år utan nokon registrerte born etter Barbro f. 1718 før Ole f. 1730, og deretter 10 born på 21 år? Ragnhild Jensdotter må vere født etter 1686 og før 1697, dvs. ho kan ikkje vere yngre enn 21 når ho får dottera Barbro i 1718. Det betyr at ho skulle vore 54 år eller eldre når yngste dottera Ragnil vert født! Dette heng ikkje på greip... Ei forklaring kan vere at Ragnhild er død og Tron oppattgift like før 1730. Ei anna forklaring kan vere at dette ikkje er Tron Larsson Østmark og Ranghild Jensdotter Heim...

Ein anna ting som skurrar for meg er mangel på oppatkalling. Vi finn sønnane Ole, Jon, Markus, Augustinus, Mikkel, Ingebrigt og Johannes - men ingen Lars eller Jens.

Med dette i tankane har eg leita litt etter alternative løysingar, og finn eit forslag som i mine auge passer betre: I 1729 vert Tron Jonsson Belsvik gift med Marit Olsdotter Valåsen. Trulovarane er Jøsten Belsvik og Auden Vågan. Ser vi på borna til Tron Heim finn vi namna på farfar Jon og morfar Ole på dei to eldste borna, og i tillegg "Belsvik-namnet" Markus. Denne Tron Jonsson skulle da passe inn som ein eldre bror av Markus Jonsson Belsvik f.c.1710 og Guru Jonsdotter f.c.1713 gift i Vågan i 1733. Marit Olsdotter skulle da vere den Marit Olsdotter Heim som vart gravlagt i Hemne 1. jan. 1778, 68 år gamal, dvs. 20 år gamal i 1729.

Denne teorien meiner eg vert støtta av oppføringa i ekstraskattlistene i 1762: Her finn vi to brukarar på Heim: Thron med kona Marite og Ole med kona Ingebor (dette er vel sonen Ole, gm. Ingeborg Larsdotter Grøtan i 1762).

Er det andre som har tankar om dette?

gj02876
Innlegg: 186
Registrert: 25. mars 2006 kl. 1.52
Sted: AGDENES

Re: Tron Heim (c.1706-1776) - frå Belsvika?

Legg inn av gj02876 » 13. august 2015 kl. 17.02

Hei Håvard!
Teorien din høres sannsynlig ut.. I hvert fall mer sannsynlig enn det som blir presentert i
Hemneslekt. Der Tron Larsen Østmark f. 1706 blir GIFT 21.11.1717, altså 11 år gammel! Året etter blir han i tillegg FAR, 12 år gammel...
Mvh
Stig

dn23027
Innlegg: 4250
Registrert: 7. oktober 2008 kl. 4.10
Sted: MANDAL

Re: Tron Heim (c.1706-1776) - frå Belsvika?

Legg inn av dn23027 » 13. august 2015 kl. 17.58

Stig skrev:Hei Håvard!
Teorien din høres sannsynlig ut.. I hvert fall mer sannsynlig enn det som blir presentert i
Hemneslekt. Der Tron Larsen Østmark f. 1706 blir GIFT 21.11.1717, altså 11 år gammel! Året etter blir han i tillegg FAR, 12 år gammel...
Mvh
Stig



Haha, nå lo jeg. Den tabben klarte jeg en gang..strålende fornøyd med å ha funnet rett Anne Olsdatter og hennes søsken,foreldre, besteforeldre, etc. Trodde jeg. For da jeg fornøyd lente meg tilbake og studerte verket på skjermen, gikk det opp for meg at denne Anne var 11 år ved vielsen... Godt det er enkelt å slette ... :oops: ( Jeg fant den rette etterhvert. Det tok bare litt lenger tid.)

Mvh
Linda

dn07176
Innlegg: 478
Registrert: 20. september 2005 kl. 20.19
Sted: TRONDHEIM

Re: Tron Heim (c.1706-1776) - frå Belsvika?

Legg inn av dn07176 » 13. august 2015 kl. 18.03

Tron Heim har i alle tilfelle kome til garden mellom 1723 og 1730. Dersom det er Tron Jonsson Belsvika må han ha bygsla garden i 1729/30, ettersom han er kalla Belsvigen ved giftermålet og Heim ved dåpen av sonen Ole.

I matrikkelprotokollen frå 1723 er det ein brukar på Heim: Rasmus. Dette er vel Rasmus Ingebrigtsson som i 1724 vert gift med enkja etter Jens Iversson Heim, Anne Gunners/Gudmundsdotter.

dn07176
Innlegg: 478
Registrert: 20. september 2005 kl. 20.19
Sted: TRONDHEIM

Re: Tron Heim (c.1706-1776) - frå Belsvika?

Legg inn av dn07176 » 13. august 2015 kl. 18.13

Stig skrev:Hei Håvard!
Teorien din høres sannsynlig ut.. I hvert fall mer sannsynlig enn det som blir presentert i
Hemneslekt. Der Tron Larsen Østmark f. 1706 blir GIFT 21.11.1717, altså 11 år gammel! Året etter blir han i tillegg FAR, 12 år gammel...


Den einaste kjelda vi har til fødselsår er vel oppgitt alder ved død. Dette kan jo fort vere feil med nokre år. At alder kan sprike i kjeldene ser vi òg på den neste "rettinga" eg ville gjort i oppsettet på Hemneslekt:

Dei to Marcus-ane er ein og same person. Fødselsår på Marcus f. 1739 er baser på oppgitt alder i 1801-tellinga (62 år, "Capelschaget" under Magerøya). Når Markus død i 1810 er alder oppgitt til å vere 77 år, altså f. ca. 1732/33. At dette er Marcus døypt 3. juni 1734 er nokså visst.

I tillegg meiner eg at dei to siste døtrene, Agnes og Ragnhild er same person, "Rangnie" døypt 9. mai 1751 (øverst til venstre)

Brukeravatar
Aud Mari Kalland Sterten
Innlegg: 1260
Registrert: 31. mai 2006 kl. 13.40
Sted: TRONDHEIM

Re: Tron Heim (c.1706-1776) - frå Belsvika?

Legg inn av Aud Mari Kalland Sterten » 14. august 2015 kl. 11.49

Håvard skrev:Med dette i tankane har eg leita litt etter alternative løysingar, og finn eit forslag som i mine auge passer betre: I 1729 vert Tron Jonsson Belsvik gift med Marit Olsdotter Valåsen. Trulovarane er Jøsten Belsvik og Auden Vågan. Ser vi på borna til Tron Heim finn vi namna på farfar Jon og morfar Ole på dei to eldste borna, og i tillegg "Belsvik-namnet" Markus. Denne Tron Jonsson skulle da passe inn som ein eldre bror av Markus Jonsson Belsvik f.c.1710 og Guru Jonsdotter f.c.1713 gift i Vågan i 1733. Marit Olsdotter skulle da vere den Marit Olsdotter Heim som vart gravlagt i Hemne 1. jan. 1778, 68 år gamal, dvs. 20 år gamal i 1729.


Brødrene Trond og Marcus Belsvik er registrert i Legdsrulle for Fosen fogderi 1724.

Nr. 69 under Hemne

Jon Belsvik 45 år
Trond Jonsen Belsvik 17 år
Markus Jonsen Belsvik 12 år

I en legdsrull fra 1749 er Trond på Heim ført som 42 år gammel, broren Markus på Belsvik er 36 år.

Jeg har lett i tingboka, men ikke funnet noen bygselseddel som bekrefter at det var Trond Jonsen som kom til Heim omkring 1730. Jeg støtter likevel teorien.

Når det gjelder "Rangnie" er jeg noe usikker. Jeg leser vel egentlig navnet som "Raegier".
Hun ble konfirmert i 1769 og navnet kan kanskje leses som Roijel. Ved vielsen i 1778 er hun ført som "Raajer". Jeg ser at navnet er mye brukt i Surnadal og da helst ført som Raagjer og Rogjer i 1801.
Aud Kalland Sterten
Lensvik / Trondheim

dn07176
Innlegg: 478
Registrert: 20. september 2005 kl. 20.19
Sted: TRONDHEIM

Re: Tron Heim (c.1706-1776) - frå Belsvika?

Legg inn av dn07176 » 14. august 2015 kl. 13.31

Mange takk Aud, for link til legdsrullen. Den var eg ikkje klar over var tilgjengeleg der, og vil komme godt med i andre spørsmål òg :)

Det vi finn der verkar i alle fall å kunne støtte opp under teorien min. Eg har òg leita i tingbøkene (og pantebøkene), men kan heller ikkje finne noko.

Eg slutter meg til tolkinga va namnet på yngste dotra ved dåpen, og når eg går attende og sjekker dei andre oppføringane ser det jo ut til å vere variantar av Rodgjerd. Eg har ikkje vore borte i dette namnet før.

Svar

Gå tilbake til «Hemne»