Ole Andersson Furu - kven var han?

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Knut Sæther
Innlegg: 3054
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Ole Andersson Furu - kven var han?

Legg inn av Knut Sæther » 8. april 2023 kl. 10.45

Ole Andersson Furu frå Sunndal og Hanna Margrethe Johannesdotter fekk i 1881 ein son Magnus Leonhard utanom ekteskap på Smøla (nr. 4):

https://www.digitalarkivet.no/kb10051102113013

Magnus Leonhard stifta familie, og her er dei i folketeljinga frå 1910:

https://www.digitalarkivet.no/census/pe ... 6805001088

Desse folka er omtala i Smøla bygdebok bind 2 s. 34 og bind 5 s. 510, utan at det der kjem fram noko meir om identiteten til Ole Andersson så vidt eg kan sjå. Kyrkjeboka er ikkje til så stor hjelp, for fødselsåret hans manglar ved dåpen til sonen. Men han skal ha fått eit barn tidlegare. I arbeidet mitt med sunndalsslekter har eg (så langt) ikkje funne nokon god kandidat til å vera denne personen, så eg er interessert i eventuelle opplysningar. Magnus Leonhard synest å ha mange etterkommarar, så kanskje det finst nokon i familien/slekta som sit med informasjon?

Mvh. Knut. 

 
 

Brukeravatar
Anne-Grethe Syvertsen
Innlegg: 876
Registrert: 30. oktober 2008 kl. 23.14
Sted: Sande i Vestfold

Re: Ole Andersson Furu - kven var han?

Legg inn av Anne-Grethe Syvertsen » 8. april 2023 kl. 22.43

Ved folketellingen i 1875 for Sunndal finnes en Ole Andersen Furu, født 1851* i Hof sogn S. P. (antagelig forkortelse for Sunndal Prestegjeld). Han er da ugift, bor hos foreldrene på Furu, men er midlertidig fraværende ved tellingen: https://www.digitalarkivet.no/census/pe ... 2353001876

Vet ikke om det er rett person, men kanskje verdt å sjekke han nærmere  :D
 
 
 
 
 
 
Vennlig hilsen Anne-Grethe :P

Knut Sæther
Innlegg: 3054
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Ole Andersson Furu - kven var han?

Legg inn av Knut Sæther » 8. april 2023 kl. 23.40

Takk for innspel, men både denne Ole Andersson Furu og to-tre andre med same namn fødd i 1840- og 1850-åra er sjekka ut av saka. 

Mvh. Knut. 

Tore Kristiansen
Innlegg: 4280
Registrert: 18. november 2004 kl. 9.47
Sted: KRISTIANSUND N

Re: Ole Andersson Furu - kven var han?

Legg inn av Tore Kristiansen » 8. april 2023 kl. 23.50

Gjelder det samme med skomakeren i Bindal også?

Knut Sæther
Innlegg: 3054
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Ole Andersson Furu - kven var han?

Legg inn av Knut Sæther » 9. april 2023 kl. 0.06

Takk Tore for at du nemner denne skomakaren i Bindal. Eg skuldar å gjera andre merksam på at Ole Andersson Furu har vore framme i lyset i brukarforumet på Digitalarkivet:

https://forum.arkivverket.no/search/?q=Sunndal&quick=1

Han i Bindal er ikkje identisk med den Ole Andersson Furu som Anne-Grethe la ut link til. 

Mvh. Knut.
 
 
 

Knut Sæther
Innlegg: 3054
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Ole Andersson Furu - kven var han?

Legg inn av Knut Sæther » 10. april 2023 kl. 17.39

For å oppsummere det som så langt er kjent om denne ungkaren og skomakaren Ole Andersson Furu frå Sunndal, og som er tema i ein tråd i brukarforumet på Digitalarkivet: I 1870, 1873 og 1876 fekk han barn høvesvis på Hitra, i Hemne og på Leka. Ein ugift skomakar Ole Furu (farsnamnet manglar) i folketeljinga for Bindal i 1875 er truleg same personen. Det same kan nok seiast om den den ugifte skomakaren «for egen regning» Ole Furu som i folketeljinga frå 1. januar 1891 er registrert busett (men var midlertidig fråverande) på Byneset i Trondheim, og som seinare same året døydde på sjukehuset i Trondheim, 40 à 50 år gammal. Avdøde er kalla «omreisende» skomakar. I kjeldene varierer det oppgjevne og stipulerte fødselsåret til skomakaren Ole Andersson frå 1841 til 1851. Stort sprik, altså. Ved dåpen til barnet på Leka stemmer ikkje det oppførte legemålstalet med at han skal ha fått barn tidlegare.

Så har vi denne Ole Andersson Furu frå Sunndal som fekk ein uektefødd son Magnus Leonhard på Smøla i 1881. Dåpsinnførselen i kyrkjeboka skil seg ut ved at verken fødselsåret eller yrket til faren er ført opp, og dette verkar noko påfallande. Faren treng derfor ikkje vera identisk med han som er omtala ovanfor.

Det har ikkje lykkast å få sikkert identifisert Ole Andersson Furu trass i ein del djupdykking i materien. Av i alt fem personar med dette namnet som var fødd/døypt i Sunndal mellom 1840 og 1853, er det berre ein eller to det kan vera verd å sjå litt nærare på. Dei øvrige kan av ulike grunnar utelukkast som kandidatar.

Ein Ole Andersson Furu (Brandeinan) f. 1840 var mellom dei som vart løfta fram i lyset på brukarforumet til Digitalarkivet. Foreldra hans var Anders Olsson og Anne Olsdotter, husmannsfolk på plassen Brandeinan under Furu. Han er presentert i Sunndalsboka bind 3 s. 163. Der står det ikkje noko om skjebnen hans, men han vart konfirmert i 1857 (nr. 25): 

https://www.digitalarkivet.no/kb20050614040542

Eg kan ikkje finne han i folketeljinga for Sunndal frå 1865, og heller ikkje landssøk i den same teljinga med ulike søkevariablar har gjeve noko positivt resultat. Han er ikkje registrert død eller utflytta frå Sunndal mellom 1857 og 1865. Han kan likevel ha reist ut, for underregistreringa i flyttelistene er stor. Dersom han skulle ha «overlevd» folketeljinga for å seie det på den måten, vil han vera ein kandidat som denne skomakaren. (Mykje ville ha vore vunne om han fanst i 1865-teljinga ein stad.) Vanskelegare er det å tenkje seg han som far til Magnus Leonhard, for da har vi å gjera med ein 41-åring som har sett barn på ei jente på 18 (mora var f. 1863). Noko slikt er ikkje akkurat kvardagskost, men ikkje umuleg. (Eg har kome over eksempel større aldersskilnad på foreldra, men da har kvinna vore litt eldre og dessutan gift.) 

Kva så med Ole Andersson Furu i folketeljinga frå 1875 som Anne-Grethe la ut link til? (Denne mannen var f. 1850, ikkje 1851 som det står i teljinga.) Han kom frå Furu bruk nr. 2. I februar og mars 1881 vart han høvesvis forlova og gift i Kristiansund med Johanne Antoinette Gude på Smøla(!) – sjå Smøla bygdebok bind 9 s. 44. Link til vigselen (brudgommen er kalla Olaf): 

https://www.digitalarkivet.no/kb20071017620532

Var det han som var far til Magnus Leonhard? Sannsynet for det meiner eg er berre teoretisk. Guten kom til verda i oktober, så konsepsjonen må normalt ha funne stad i februar, altså rett før Ole gjekk inn i ekteskap med ei anna kvinne. Elles var nok ikkje Ole heilt ukjent. Han var utdanna jurist, og på denne tida overrettssakførar i Kristiansund. (I Sunndalsboka står det feilaktig at det var denne Ole som vart statsråd og seinare amtmann i Akershus, men det var broren Ole Andreas f. 1841.) Ein gong på 1870-talet (i presten Müller si embetstid i Sunndal) hadde han søkt om, og fått løyve til, å endre namn til Olaf. Etter det er han i kjeldene konsekvent kalla «Olaf Furu». 

Mvh. Knut.
 
 
 
 
 
 
 
 

Svar

Gå tilbake til «Smøla»