Peder Bolme f. 1864 i Rindal ?

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
dn16066
Innlegg: 6
Registrert: 8. desember 2004 kl. 19.50
Sted: KOPPANG
Kontakt:

Peder Bolme f. 1864 i Rindal ?

Legg inn av dn16066 » 21. september 2005 kl. 18.17

Kan noen hjelpe meg med opphavet av Peder. Tror han er født i Rindal, men flyttet til Stor-Elvdal med sin far da han var liten. Det kan være at de tok med seg navnet Bolme da de flyttet. Han var gift med Andrea Edvardsdatter f. 1877 fra Atnedalen, Stor-Elvdal, Hedemark. De fikk en sønn Peder Pedersen Bolme f. 1886. Hilsen IVAR :)

6749
Innlegg: 20
Registrert: 22. mars 2005 kl. 0.06
Sted: RINDAL

Re: Peder Bolme f. 1864 i Rindal ?

Legg inn av 6749 » 22. september 2005 kl. 22.38

Hei!
Eg kjenner til ein Peder Pederson Bolme, som flytta frå Rindal til Atna i Østerdalen, men han er i flg. Gards- og ættesoga for Rindal, født i 1862. Han var i flg. same boka gift med ei Marit Andersdotter Bolme, f. 1862, og dei hadde to døtrer som begge hadde namnet Gjertrud. Den eine var f. 1889 og den andre f. 1893.
Er ikkje noko av dette kjent, får eg leita vidare.

mvh
Ragnhild Stavne Bolme

6749
Innlegg: 20
Registrert: 22. mars 2005 kl. 0.06
Sted: RINDAL

Re: Peder Bolme f. 1864 i Rindal ?

Legg inn av 6749 » 23. september 2005 kl. 20.33

Eg har no funne ut meire om Peder Bolme, f. 1886. Etter å ha undersøkt i kjerkeboka for Rindal, viser det seg at han var eldste barnet til Peder Pederson Bolme, f. 1862, og Marit Andersdotter Bolme, f. 1862. I folketellinga for 1901 er han dreng på ein gard i Rindal. Far hans, Peder Pederson, f. 1862 (1864) finn eg i Storelvdal i 1901. Han driv med "skogbrug, tømmer og jordarbeide"og er forpakter. Han er da gift med Andrea Bolme, forpakterkone, f. 1874. Peder Bolme, f. 1886, må ha flytta til far sin i Østerdalen etter 1901.

mvh
Ragnhild Stavne Bolme

dn16066
Innlegg: 6
Registrert: 8. desember 2004 kl. 19.50
Sted: KOPPANG
Kontakt:

Re: Peder Bolme f. 1864 i Rindal ?

Legg inn av dn16066 » 24. september 2005 kl. 15.44

Tusen hjertelig takk for hjelpa Ragnhild. Dette var veldig bra. Det er godt att det er noen der ute som kan hjelp til. :D :D Hilsen Ivar

6749
Innlegg: 20
Registrert: 22. mars 2005 kl. 0.06
Sted: RINDAL

Re: Peder Bolme f. 1864 i Rindal ?

Legg inn av 6749 » 25. september 2005 kl. 10.27

No når vi har funne fram til den rette Peder'n, vil eg koma med tilleggsopplysningar om han.
I Gards-og ættesoga skriv Hans Hyldbakk om Peder, f. 1862: "Peder vart helst kalla for Politi-Pe. Han var nemleg fantjagar ei tid, og ein overlag stor og sterk kar, som fekk ufreskjet unna seg." Ein fantjagar vart også kalla statarkong. Dei hjelpte lensmannen med å jaga fantane (tatrane) og andre uønska individ ut av bygda. Det var ei hard tid for dei som låg nederst på rangstigen!
Vil du vita meire som slekta, kan du låna Gards- og ættesoge for Rindal. Du finn heimplassen til Peder på side 221 i bind IV.
(Bøkene er også å få kjøpt hos Rindal kommune.)

Helsing
Ragnhild

Svar

Gå tilbake til «Rindal»