Ole Gregoriussen

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Magnar Husby
Innlegg: 585
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Ole Gregoriussen

Legg inn av Magnar Husby » 13. juli 2013 kl. 19.10

er 30 år ved folketeljinga 1801, og er da i teneste på Gjeldnes i Stangvik. Han bykslar Orahaugen, Indre Stangvik, i 1808 og blir gift med dottera Maria, f 1787. Dei har ein son Jakob i 1810, som i 1838 giftar seg med Maria Olsdotter Holden. Dei byksla Grytskogkloppan og "har etterkomarar i Lia og på Haugen" skriv forfattaren. Maria Mikkelsdotter Orahaugen døyr alt i 1814, og Ola Gregoriussen giftar seg på nytt med Ingrid Timannsdotter Halle frå Todalen. Dei får dottera Maria i 1817, gift 1852 md Sivert larsson Bele. Det drog til Amerika.
Men kven var Ola Gregoriussen?
Når Ola Gregoriussen bygslar er han nemnt med etternamnet Ansnes. Eg har leita både der og andre stader og i kyrjebøker, men hittil ikkje funne noko. Når sonen Jakob blir døypt er Jakob Tokle 1. fadder, men heller ikkje det sporet førte til noko.
Ola Gregoriussen døydde i 1833.
Er det nokon som har vore borti noko som kan vere til hjelp?

Erling Myrbostad
Innlegg: 878
Registrert: 29. november 2005 kl. 21.38
Sted: KVANNE

Re: Ole Gregoriussen

Legg inn av Erling Myrbostad » 14. juli 2013 kl. 20.00

Konfirmert i Stangvik 1790, da med bosted Ansnes. Er på ferie og får ikke lenka opp kirkeboka, men du finner det sikkert selv.

mvh Erling

Erling Myrbostad
Innlegg: 878
Registrert: 29. november 2005 kl. 21.38
Sted: KVANNE

Re: Ole Gregoriussen

Legg inn av Erling Myrbostad » 14. juli 2013 kl. 20.05

Fadder 20.11.1803 på Ragnhild Jakobsdotter, dotter til Jakob Jakobson Ansnes og kona Brit Larsdotter. Da heiter Ola Gregoriuson også Andsnæs.

Magnar Husby
Innlegg: 585
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Ole Gregoriussen

Legg inn av Magnar Husby » 14. juli 2013 kl. 23.45

Takk for opplysningane!. Da har eg iallfall fått noko meir å halde meg til i vidare leiting. Stangvikbøkene ser ikkje ut til å gje noko, så ein må nok gå til primærkjeldene og sjå kva ein finn.

Erling Myrbostad
Innlegg: 878
Registrert: 29. november 2005 kl. 21.38
Sted: KVANNE

Re: Ole Gregoriussen

Legg inn av Erling Myrbostad » 18. juli 2013 kl. 19.25

Her er 1. giftemålet den 25. juni 1809. Meiner det står Mikkel Oren og Arent Andsnæs som trulovarar. Har og notert tilknytning til Ansnesfolket seinare, m.a. med sonen Steinar Arntson Ansnes. Arnt Ansnes var skipsbyggar og smed, og hadde sikkert fleire i arbeid, men dette tyder vel på nærare band, kanskje Ola Gregoriusson var forsterson og på eit eller anna vis skyldfolk. Men finn ingen andre i Stangvik med Gregorius-namnet som patronym, så det må vel i så fall vere på morsida?

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-138

Magnar Husby
Innlegg: 585
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Ole Gregoriussen

Legg inn av Magnar Husby » 20. juli 2013 kl. 7.33

Stadig takk for bidrag! Eg har tenkt i same bane sjølv, at det kanskje kunne vere at ei av jentene på Ansnes hadde denne sonen med ein Gregorius. Det er ein Gregorius-tradisjon i Surnadal/Rindal, og Ansnes-folket har samband dit. Men viss denne jenta let barnet døype i Stangvika, vil vi likevel ikkje finne noko på grunn av kyrkjebokmangelen. Viss barnet vart innrapportert, finst det vel kanskje noko om det i retts-arkiva. Men det kan og vere at Ole Gregoriussen verkeleg var ein fosterson. Hyllbakk skriv om Jakob Tokle at han tok seg av mange vanskelegstilte. Og i det området han kom frå, er det ein veldig sterk Gregorius-tradisjon. Så det er og ein plass å leite. Men det er nok ganske tidkrevjande å finne ut av dette.

Svar

Gå tilbake til «Surnadal»