Men etter FT-1801 er dereit ektepar til på Ellefset i husnr 06( Austre Geilhaugen): Ingebreth Ingebrethsen og Bridt Hendriksdatter , også med to born Ingebredt(3) og Bridt(1). Han er 34 år (f ca 1767), det er kona også. Etter Hans Hyldbakk kjem denne Ingebreth Ingebrethsen frå nabogarden Pollen(Polden) og dei to flyttar frå Ellevset til Honnstad i 1805 (og då kjem forsyne meg endå ein Ingebreth Olsen Mauset (f.1771) frå Mausettrøa og tek over plassen)
Ynskjer stadfesting at vi med dette har nokolunde rette opplysningar om dei to blad Ingebreth I. Ellefset og dei to ektefellane og borna deira. Også interessant om nokon har fleire opplysningar om anane til Ingebreth I. (f.1767).
Så dukkar det opp ei nøtt til: I 1794 vert det fødd ein gut utanfor ekteskap og faren er ingen ringare enn Ingebreth Ingebretsen Elefset og mora er Bridt Olsdatter Østbø sjå : https://media.digitalarkivet.no/view/16138/237. Mora synest å vere eintydig, men er det den Ingebreth I. som ho gifter seg med som er faren? Kvar vert det av denne Ole? Eg slit med å finne han att både under FT-1801, mellom konfirmerte eller mellom avdøde. Det er antyda frå anna hald at den andre Ingebreth(1767) hadde born utanfor ekteskap og at ein av dei heitte Ola f.1794. Denne Ola skal ha kalla seg både Honnstad og Fostervoll? Dette peikar på den yngste Ingebreth I., men H.Hy. nemner at han ikkje buset seg på Austre Geilhaugen før i 1797, så burde han då ikke kalle seg I.I.Polden dersom han var far til Ole f. 1794?
Er det nkon som kan hjelpe å løyse gåta/gåtene på nokon måte? Målet er å få rydde litt i nokre profilar på Geni som pr. no ser rimeleg flokete ut med alle desse samnemningane. Er klar over at det kan vere vanskeleg å greie opp i så gamle tilhøve, men måtte berre prøve.

Henrik