Rytter, Øksendal

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Gunnar H Aarseth
Innlegg: 22
Registrert: 25. februar 2008 kl. 22.57
Sted: SANDNES

Rytter, Øksendal

Legg inn av Gunnar H Aarseth » 26. februar 2008 kl. 0.17

Jeg søker anene til Henrik Olsen Rytter, f 1795 - trolig i Øksendal. Gm. Ellen Eriksdtr.

Hilsen Gunnar H. Aarseth

Knut Sæther
Innlegg: 3051
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Rytter, Øksendal

Legg inn av Knut Sæther » 26. februar 2008 kl. 10.19

Henrik Olsson og Elen Eriksdotter var husmannsfolk på plassen Ytre Stranda under Grytneset i Øksendalen. Dei er omtala i Sunndalsboka bind 5 s. 17. Henrik, som var døypt 13. januar 1797, var son til Ole Estensson og Anne Nilsdotter Rytter, som var husmannsfolk utan jord på Øksendalsøra.

Ole Estensson var son til Esten Kristensson og Ingeborg Steinarsdotter, som først var gardfolk på Røyhjellen i Sunndalen (jf. Sunndalsboka bind 2 s. 196), men som seinare vart husmannsfolk på Øksendalsøra. Sitat frå Sunndalsboka bind 4 s. 180: "Fra ca. 1785 satt Esten Kristensen på Øksendalsøra som husmann uten jord. Han skulle være f. ca. 1730, og ble i 1753 gift med Ingeborg Steinarsdatter, f. ca. 1720, rimeligvis datter av Steinar Larsen, som var gårdbruker på Simonhjell 1720-28 og på Brandstad bruk nr. 1 i årene 1728-42."

Anne Nilsdotter var f. ca. 1764, og var dotter til gjestgjevaren Nils Nilsson Rytter den eldre på Øksendalsøra og kona Katarina Olsdotter. Familien er omtala i Sunndalsboka bind 4 s. 159. Nils Nilsson var f. ca. 1730, og kom frå Stangvik.

Helsing Knut Sæther

Erling Myrbostad
Innlegg: 878
Registrert: 29. november 2005 kl. 21.38
Sted: KVANNE

Re: Rytter, Øksendal

Legg inn av Erling Myrbostad » 26. februar 2008 kl. 16.04

Og for å dra slekta enda litt attover, så var Nils Nilson Rytter født i Srivarstua på Kvande i 1732. Han hadde forresten ein tvillingbror som heitte Arnt, og 3 søsken til. Nils Nilson var sersjant.

Far til Nils Nilson var Nils Henrikson Rytter frå Yttergarden i Stangvikja, kona veit vi ikkje namnet på. Nils Henrikson var underoffiser og konstituert lensmann eit års tid. Han kom til Skrivarstua etter eit makeskifte med verbroren Rasmus Teilgård i Stangvikja. Nils døydde i 1745, buet var falitt, og borna utan arv.

Sonen Nils Nilson vart husmann i Ner-Geilen og busette seg der i 1770. I 1782 skulle lensmannen halde auksjon over skattepant på plassen. Sersjant Rytter gjorde da så stygg kjeft til både lensmann og folk elles, så auksjonen måtte avlysast. Seinere kjøpte Nils Negarden på Gjerstad i Lykkjebygda, men heller ikkje her greide han ut med skatter og renter, og det endte med at han måtte gå fra garden i 1784, og han flytta da til Øksendalsøra, som nemnt ovafor.

Foreldra til Nils Henrikson var Henrik Henrikson Rytter, f. 1655 og kona Dorothea Catharina Tausan. Ho var dotter til Tingvollpresten Hans Nilsson Tausan. Det står mykje om denne slekta i Stangvikboka bind 1. Rytterslekta var mektig både på pengar, jordegods og makt i si tid. Det var far til Henrik Henrikson som kom til Stangvikja, han heitte Henrik Mogensson Rytter og var presteson frå Sveig sogn i Sverige. På kongsskjøtet hans på Yttergarden frå 1633 står også 30 andre gardpartar på tilsaman 27 spann, dei fleste på Nordmøre.

Gunnar H Aarseth
Innlegg: 22
Registrert: 25. februar 2008 kl. 22.57
Sted: SANDNES

Re: Rytter, Øksendal

Legg inn av Gunnar H Aarseth » 26. februar 2008 kl. 22.49

Takk for svaret, det var nyttig informasjon, hilsen Gunnar

gj09073
Innlegg: 1
Registrert: 22. mars 2009 kl. 20.35
Sted: TRONDHEIM

Re: Rytter, Øksendal

Legg inn av gj09073 » 22. mars 2009 kl. 20.54

Hei!
Jeg går ut fra at du kjenner til slekta videre - Henrik Olsen Rytter var bl. a. bestefar til dikteren Henrik Rytter. Forøvrig ser jeg at det oppgis noe forskjellige data. Min kilde er boken "Rytter-ætta frå 1600-1950", skrevet av min fars tante Ragna Rytter, utgitt 1956. Selv hører jeg til "Trøndelagsgreina" av Rytterslekta. Den første som tok slektsnavnet Rytter, var som en annen innsender nevner, Henrik Mogenson Rytter (1590-1672). Etter Ragnas bok er anene til Henrik Olsen Rytter følgende:
Mor Anne Nilsdotter Rytter, far Ole Estenson Øren
Morfar Niels Nielsen Rytter (1734-1809), mormor Kathrine Olsdotter (1731-1808)
Videre bakover:
Niels Henrikson Rytter (d. 1744)
Henrik Henrikson Rytter (1655-1713) og Dorothea Katharina Tausan (1670-1754)
Henrik Rytter var så sønn til nevnte Henrik Mogenson Rytter og hans kone nr. 5, Elen Michelsdatter fra Bjugn, d. 1710.

Vennlig hilsen Sturla Sagberg.
(Niels Nielsen Rytter var min tipp-tipp-tipp-oldefar, og Anne Nilsdotter da søster til min tipp-tipp-oldefar.)

Gunnar H Aarseth
Innlegg: 22
Registrert: 25. februar 2008 kl. 22.57
Sted: SANDNES

Re: Rytter, Øksendal

Legg inn av Gunnar H Aarseth » 22. mars 2009 kl. 22.58

Takk for nyttig infomasjon, hilsen Gunnar

Magnar Husby
Innlegg: 585
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Rytter, Øksendal

Legg inn av Magnar Husby » 25. januar 2011 kl. 20.33

Boka om Rytterslekta dekkjer så langt eg har forstått ikkje etterkomarane etter Dorothea Catharina Nilsdotter Rytter f 1731 på Kvanne i Stangvik. I skiftet etter farmora i 1754 blir ho omtala som gift. Det er mykje som tyder på at ho vart gift i Øksendal, med Jon Jøstenson Engen, ca 1750. Dei har ei stor etterslekt. I eit skifte etter ein av sønene vert det nemnt at ein bror Anders Jonson hadde flytta til Trondheim. Eg har tenkt at han kanskje tok kontakt med slektningane sine i Trondheim. Finst det noko slikt vitnesbyrd frå Trondheim? Han brukte truleg etternamnet Børset eller Bruset.

Svar

Gå tilbake til «Sunndal»