Bolga: Jacob Gjertsson og Berit Andersdotter

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
dn07176
Innlegg: 478
Registrert: 20. september 2005 kl. 20.19
Sted: TRONDHEIM

Bolga: Jacob Gjertsson og Berit Andersdotter

Legg inn av dn07176 » 4. desember 2011 kl. 16.29

I Meldalsboka (Gard og Ætt II, s. 360) finn ein nemnt at Berit (Brit) Andersdotter f. 1770 på Litjstuggu Resell vart gift til "Bolgen i Fredøy". Så vidt eg kan finne må dette vere Berit Andersdotter som i 1801 er nemt som 32 år gamal, og gift med Jacob Gjertsson på Bolgen i Bremsnes sokn i Kvernes.

I folketellinga er nemnt dei to eldste borna, i Frei-bøkene finn vi to til født etter 1801:
1. Karen Jacobsdotter, f. 1797
2. Knud Jacobsson, f. 1799
3. Mads Jacobsson, f. 1801
4. Maria Jacobsdotter, f. 1809

Det eg lurer på er kor det etter kvart vart av desse. Det eg har er frå Frei-bøkene:
  • Karen vart gift 1841 med Johan Eriksson Vadsteinsvik.
  • Knut døyde i 1841 som ugift.
  • Mads vart gm. Ane Henriksdotter Endreset og tok over bruket. Han døyde som enkjemann i 1853. Ei dotter: Berit, f. 1844.
  • Maria vart gift 1837 med Einar Mortensson Viken.

Maria er vel den same som enkja Marie Jakobsdtr. som vi finn på Mittidalan under Flatset i 1865-tellinga for Frei. Eg kan ikkje finne nokon av dei andre i denne tellinga. Er det nokon som kjenner til om det var etterslekt etter Karen og Mads?
Sist redigert av dn07176 den 6. desember 2011 kl. 13.40, redigert 1 gang totalt.

Borgny Irene Aakvik Vorpbukt
Innlegg: 285
Registrert: 8. februar 2005 kl. 9.03
Sted: AVERØY

Re: Bolga: Jacob Gjertsson og Berit Andersdotter

Legg inn av Borgny Irene Aakvik Vorpbukt » 4. desember 2011 kl. 20.09

Hei


Kanskje Johan Eriksen i FT 1865 ?

http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCen ... =4982#ovre

dn07176
Innlegg: 478
Registrert: 20. september 2005 kl. 20.19
Sted: TRONDHEIM

Re: Bolga: Jacob Gjertsson og Berit Andersdotter

Legg inn av dn07176 » 5. desember 2011 kl. 19.55

Hei,
Dette ser ut til å vere noko, ja. Bremsnes, altså - ikkje lett med desse inndelingane der ut...

Borgny Irene Aakvik Vorpbukt
Innlegg: 285
Registrert: 8. februar 2005 kl. 9.03
Sted: AVERØY

Re: Bolga: Jacob Gjertsson og Berit Andersdotter

Legg inn av Borgny Irene Aakvik Vorpbukt » 6. desember 2011 kl. 0.47

Hei

Freiøya er ikke det enkleste stedet å lete nei ;)

Her er ei lenke til Dis-MR der vi tok for oss Frei
Du ser lenkene hvis du er innlogget. Klikk på årstallene og du får opp kart

http://mr.disnorge.no/slektsforskning-pa-freioya-0


Mvh Borgny

Svar

Gå tilbake til «Frei»