Opphavet til Eli Olsd. Vogøe, død på Nerland (Løkhaug) 1803

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
dn26165
Innlegg: 125
Registrert: 29. januar 2011 kl. 16.33
Sted: MOLDE

Opphavet til Eli Olsd. Vogøe, død på Nerland (Løkhaug) 1803

Legg inn av dn26165 » 21. september 2012 kl. 14.58

Eli Olsdotter ”Vogøe” gifta seg med Størker Olsen ”Hustad” i Hustad kyrkje 17.02.1765. Dette var første ekteskapet til Eli – ho var ”Pige”. Størker var enkemann.

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-141

Dei fekk m.a. sonen Niels Størkersen Hustad (1771-1848) som er min tipptippoldefar. Eg har leitt og leitt etter dokumentasjon for foreldra til både Størker og Eli, men til no har eg stått bom fast. Eg prøver difor med dette om eg kan få hjelp til å løyse denne gåta.

For å få det meir oversiktleg legg eg dette ut som to tema – eitt for opphavet til Eli, og eitt for opphavet til Størker. Dette første gjeld for Eli.

I FT1801 er Eli ført opp med alderen 68 år. I så fall kan ho ha vore fødd ca. 1733. Då ho døydde i 1803 var ho 79 år gammal, etter kyrkjeboka. Om dette siste er rett, kan ho vere fødd ca 1724. (Om faren var fødd ca 1708 er dette siste kanskje noko for tidleg.)

Etter at Størker døydde i 1777 gifta Eli seg med enkemannen Ole Jonsen Løkhaug. I sitt 3. ekteskap gifta ho seg med Bendix Ingebrigtsen.

Opplyst av Johan Jules:
I Bygdeboka for Fræna, Gard og Slekt III, s. 331-332, omtalar Julnes familien til Bendix Ingebrigtsen. Der opplyser han at Eli var dotter av Ole Nilsen Malmedal (fødd i Vestnes ca 1708). Eg har leitt etter dokumentasjon for dette, men har til no ikkje makta å finne det.

Tinglyste dokument:
Eg har funne namnet Ole Nilsen Malmedal i eit tinglyst kårbrev frå 1783. Om dette er den Ole Nilsen Malmedal som Julnes nemner, kan han ha vore rundt 78 år i 1783. Av det same kårbrevet går det fram at denne Ole Nielsen Malmedal hadde ein son Niels Olsen Malmedal.

Niels Olsen fekk i 1767 skøyte på ein part på 1 vog med bygsel og landskyld i garden Malmedal. Kjøpesummen for gardparten var 63 rd 3 ort.

http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?i ... _side=-333

I 1783 selde Niels Olsen Malmedal denne gardparten til Gunder Nielsen for 120 rd.

Samtidig vart det tinglyst eit hefte om kår til ”hans Fader” Ole Nielsen Malmedal. Ole skulle ha rett til dette kåret for sin levetid ”hvor han end maatte finde for godt at opholde sig”.

http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?i ... _side=-255

Gunder Nielsen selde denne gardparten igjen i 1785. Den eine halvparten vart seld til Gunder Christophersen, og den andre halvparten til Reier Knudsen. Skøyta vart tinglyste på hausttinget for Vågøy i Bud fiskevær 18. og 19. oktober 1785. Samtidig vart det også tinglyst kårbrev til Gunder Nielsen og kona Brit Jonsdotter.

http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?i ... _side=-295

I 1785 er det ikkje nemnt noko om kåret til Ole Nielsen Malmedal. Det kan då kanskje vere grunn til å tru at han døydde i åra 1783 – 1785?

Opplyst av Per Gjendem:
I ein omtale av nemnte bygdebok skriv Per Gjendem (under overskrifta: ” Feil nr. 76 på side 332”at Ole Nielsen Malmedal er feil, og at far til Eli var Ole Andersen Vågøy.

http://www.pergjendem.com/?p=953

På spørsmål frå meg har Gjendem opplyst at kjelda for dette finst i Collins Arkiv (under Hustadgodset) med tilvising til panteboka. Eg har ikkje makta å finne dette, og heller ikkje noko anna om Ole Andersen Vågøy. Men det kan sjølvsagt vere både eitt og anna som eg har oversett.

Det namnet som Eli vart ført opp med då ho gifta seg første gongen i 1765 (”Pigen Eli Ols D. Vogøe”), tyder på at ho kan ha hatt ei tilknyting til garden Vågøy, men det treng sjølvsagt ikkje vere noko anna enn at ho hadde tent og budd der ei tid før ho gifta seg i 1765. - Ikkje veit eg.

Nokon dokumentasjon for opphavet hennar har eg til no ikkje funne. Eg vil difor vere svært takksam for alle opplysningar om dei nemnde personane, eller om andre som kan vere av interesse for å finne ut noko meir om opphavet til Eli.

dn26165
Innlegg: 125
Registrert: 29. januar 2011 kl. 16.33
Sted: MOLDE

Re: Opphavet til Eli Olsd. Vogøe, død på Nerland (Løkhaug) 1

Legg inn av dn26165 » 22. september 2012 kl. 14.07

Ole Nielsen er ført opp under Malmedal (matr. nr. 665) som brukar i 1764 med kone Ingebor Monsdotter. Borna Niels Olsen og Berit Olsd. står under born 16 år og eldre.

http://arkivverket.no/URN:db_read/db/49638/133/

Eg finn ikkje nokon av desse nemnde under Malmedal i 1762 (under matr. nr. 635, s. 144-145):

http://arkivverket.no/URN:db_read/db/47828/144/

Dette tyder kanskje på at dei kom til Malmedal mellom 1762 og 1764?

dn26165
Innlegg: 125
Registrert: 29. januar 2011 kl. 16.33
Sted: MOLDE

Re: Opphavet til Eli Olsd. Vogøe, død på Nerland (Løkhaug) 1

Legg inn av dn26165 » 22. september 2012 kl. 14.41

På Vågøy (matr. nr. 656) er det i 1764 ført opp ei Eli Olsdotter, i kolonna ”Tienistefolk”.

http://arkivverket.no/URN:db_read/db/49638/138/

Det er vel neppe grunn til å tvile på at dette er den Eli som året etter gifta seg med Størker?

Det ser ut til at Eli kan ha kome til Vågøya i tida 1762 – 1764, på same tid som Ole Nielsen kom til Malmedal?

dn26165
Innlegg: 125
Registrert: 29. januar 2011 kl. 16.33
Sted: MOLDE

Re: Opphavet til Eli Olsd. Vogøe, død på Nerland (Løkhaug) 1

Legg inn av dn26165 » 23. september 2012 kl. 15.00

Ole Nielsen Malmedal med familie kan ha flytta til Malmedalen kort tid før 1764. Spørsmålet er då kvar dei kom frå, og om familien der kan vere lista opp i 1762. Ut frå det opplyste om at Ole skal vere fødd i Vestnes har eg lagt ut ei etterlysing under Vestnes.

https://slektsforum.slektogdata.no/view ... p?t=109529

Svar

Gå tilbake til «Fræna»