Nye nettsider Sykkylven sogenemnd

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Brukeravatar
Asbjørn Grebstad Hovland
Innlegg: 108
Registrert: 26. desember 2007 kl. 13.34
Sted: SYKKYLVEN

Nye nettsider Sykkylven sogenemnd

Legg inn av Asbjørn Grebstad Hovland » 10. mai 2008 kl. 0.21

Sykkylvs-historie på nett
No kan du orientere deg om sykkylvs-historia på Internett. På dei nye heimesidene til Sykkylven sogenemnd kan du finne mykje nyttig stoff anten du er ute etter å leite deg attover i di eiga slekt eller er ute etter meir generelle opplysningar om lokalhistoria. Sidene finn du på adressa http://sogenemnd.no.
Sykkylven sogenemnd har opp gjennom åra gjeve ut mange lokalhistoriske publikasjonar. Nokre av dei er utselde. Det gjeld mellom anna Sykkylven i eldre tid av Ola Tandstad. Denne boka er no tilgjengeleg i digitalt format. Ved å gå inn på menyen ”publikasjonar” på heimesida kan du bla deg fram side for side i dette unike bokverket som orienterer om utviklinga av sykkylvssamfunnet heilt frå dei første menneska sette bu her, til tida kring førre hundreårsskiftet. Her vil du også finne ei digitalisert utgåve av Utvandrarane frå Sykkylven av Martin Gjævenes.
Av andre godbitar som er lagt ut er alle dei første årgangane av Årbok for Sykkylven, 1992 – 1999.
Noko av det som truleg vil skape mest interesse er fargefotoserien av alle bustadene i Sykkylven frå Ørsneset til Jarnes frå 1962. I tillegg presenterer vi alle bileta med sykkylvsmotiv som FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal samla inn i samarbeid med Sykkylven Slektsforum for nokre år sidan. Her er det ein link til FylkesFOTOarkivet som sel desse bileta i ulike format til alle som ønskjer å supplere fotosamlinga si med historiske bilete.


For ordens skuld. Eg har ikkje deltatt i dette arbeidet. Likte berre sidene saa godt att eg ville gjere fleire merksame på dei
Asbjørn

50471
Innlegg: 7
Registrert: 18. januar 2010 kl. 20.26
Sted: SYKKYLVEN

Re: Nye nettsider Sykkylven sogenemnd

Legg inn av 50471 » 24. november 2013 kl. 23.48

:D
Vil berre gjere merksam på at no finn ein og gardssogene, bind 1 - 4, og utlagt her.

http://sykkylven.sogenemnd.no/

Ove

Svar

Gå tilbake til «Sykkylven»