Marte Sjursdotter Lyshol – opphav?

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Kai Olger Løseth
Innlegg: 830
Registrert: 7. mars 2006 kl. 17.25
Sted: ÅLESUND

Marte Sjursdotter Lyshol – opphav?

Legg inn av Kai Olger Løseth » 2. januar 2017 kl. 18.29

I SYKKYLVEN, Gardssoga lV 1983 står side 85:
Knut Anderssen Svinnset f 1745 d 1804
g 1778 Marte Sjursd. Lyshol f ca. 1757 d 1832
Trulova 24 oktober 1777, side 54:
https://media.digitalarkivet.no/kb20070831620091
Vigde 14 juni 1778, side 62:
https://media.digitalarkivet.no/kb20070831620095
Dette er under Bnr 2 Olegarden på Svinnset.

Lyshol er omhandla i SYKKYLVEN, Gardssoga frå side 253, men eg finn ingen Sjur/Sivert som kan vere far til Marte under Lyshol.
I Knutgarden på Aure, Bnr 15 er der ein Sjur Larsen, gift 1748 med Marte Styrkersd. Men det kan heller ikkje vere denne Sjur. Etter at Marte vart enkje gifta ho seg igjen med Lars Larsen på Andestad.
I skiftet etter henne i 1788 har ho rett nok ei dotter etter ekteskapet med Sjur/Sivert som heiter Marte, men ho var gift med Jon Udvigen:
https://media.digitalarkivet.no/sk20090126710725

Kva kan opphavet til Marte Sjursd. gift med Knut Anderssen Svinnset vere?
Etter som dei vart både trulova og vigde i Ørskog kyrkje er dert vel truleg at ho var frå dette soknet
Mvh
Kai L.

Tore Kristiansen
Innlegg: 4280
Registrert: 18. november 2004 kl. 9.47
Sted: KRISTIANSUND N

Re: Marte Sjursdotter Lyshol – opphav?

Legg inn av Tore Kristiansen » 2. januar 2017 kl. 21.41

Dattera til Sjur Larsen Aure, Marte, født i 1759 har du funnet ikke stemmer?

Dåpen til Marte Sjursdatter Aure i Sykkylven kirke Pridie Dom. Miseric. (28. april 1759): Ørskog ministerialbok 1743-1773, Kronologisk liste 1759, Side 965
:) Tore

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5726
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Marte Sjursdotter Lyshol – opphav?

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 2. januar 2017 kl. 22.19

Dattera til Sjur Larsen Aure, Marte, født i 1759 har du funnet ikke stemmer?

Det var vel det at ifl. skiftet etter mora, var denne Marte gift med Jon Utvik, og kan dermed ikkje vere den Marte som vart gift med Knut Svinnset.

Men det er ikkje noko i truloving/vigsel som seier at Marte Sjursd. hadde noko med Lyshol eller Sykkylven elles å gjere. (Men det kan vere andre kjelder for dette.)
At forlovarane er frå Ramstad og Søvik, tyder på at ho har ei eller anna tilknyting til det området - men det treng kanskje ikkje vere meir enn at ho har vore tenestetaus der.

Kai Olger Løseth
Innlegg: 830
Registrert: 7. mars 2006 kl. 17.25
Sted: ÅLESUND

Re: Marte Sjursdotter Lyshol – opphav?

Legg inn av Kai Olger Løseth » 2. januar 2017 kl. 23.05

Ja, det er akkurat som Ivar seier, at Marte Sjursdotter, dotter til Sjur Larsen Aure (Oure) vert vigd nyttårsdag 1786, side 267 med Jon Jonsen Udvig (og det stemmer med skiftet):
https://media.digitalarkivet.no/kb20070831620148
«Mi» Marte Sjursdotter var gift med Knut Anderssen frå 1778 til ho vart enkje i 1804.
Eg har også vore inne på tanken om at ho har bodd på Lyshol som tenestejente før ho var gift. Har ikkje funne ei einaste kjelde som kan forklare kvifor bygdebokforfattaren har skrive Lyshol.
Mvh
Kai L.

gj09903
Innlegg: 658
Registrert: 26. august 2009 kl. 19.51
Sted: SYKKYLVEN

Re: Marte Sjursdotter Lyshol – opphav?

Legg inn av gj09903 » 17. januar 2017 kl. 21.29

Eg har eit forslag til opphav for Marthe Sjursdtr. på Svindset.

Sjur Sjursen Lyshol og Brithe Colbensdtr. Søvik vart trulova 14.11.1756:
SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, 522/L0307: Ministerialbok nr. 522A02, 1743-1773, s. 903-904
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070831610645

Dei vart gifte 2.1.1757:
SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, 522/L0307: Ministerialbok nr. 522A02, 1743-1773, s. 905-906
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070831610646

Ved skiftet etter Sjur Sjursen på Grebstad i 1759, var det nemnt ei dotter Marthe Sjursdtr. på eitt år:
SAT, Sunnmøre sorenskriveri, 3/3A/L0019: Skifteprotokoll 14A, 1757-1761, s. 185b-186a
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20090126660709
Verge for enka var Bendik Poulsen Klokk.

Ved ekstraskatten i 1762 var Brithe Colbensdtr. på Klokk:
RA, Rentekammeret inntil 1814, Realistisk ordnet avdeling, Ol/L0019: [Gg 10]: Ekstraskatten, 23.09.1762. Sunnmøre, 1762-1763, s. 136
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/rk10041201041142

Brithe Colbensdtr. vart trulova og gift med Mons Serkvesen i 1771:
SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, 522/L0307: Ministerialbok nr. 522A02, 1743-1773, s. 1135-1136
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070831620045
Brithe og Mons vart busette på Klokk.

Marthe Sjursdtr. Klokk vart konfirmert i 1775:
SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, 522/L0308: Ministerialbok nr. 522A03, 1773-1809, s. 24-25
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070831620076

Jon Pedersen Søvik var trulovar til Marthe og Knut. Jon Pedersen var gift med Johanne Colbensdtr., Brithe Colbensdtr. si syster.

Kai Olger Løseth
Innlegg: 830
Registrert: 7. mars 2006 kl. 17.25
Sted: ÅLESUND

Re: Marte Sjursdotter Lyshol – opphav?

Legg inn av Kai Olger Løseth » 18. januar 2017 kl. 11.35

Dette er interessant. Du har gått grundig til verks, og eg har ei svært god kjensle av at du har funn Marte Sjursdotter sitt opphav. Hjarteleg tusen takk Inge Asbjørn!

Eg har gått gjennom alle dåpsinnføringane til Marte og Knut sine born. For det meste er det granner frå bygda, men Jon Søvig er fadder på eitt av borna. Vidare er Marte Søvig fadder på to av borna og Johanne Søvig på eitt og Massi Lyshol på eitt.

17 aug 1783: https://media.digitalarkivet.no/kb20070831620133

Døbt Knud Svindsets Barn, Johanne, Fadd: Jon Søvig, Ole Svinset, Erich Ramstad, Marte Søvig, Magnilde Ramstad, Anne Barlinbreche

6. mars 1791, side 353: https://media.digitalarkivet.no/kb20070831620191

døbt Knud Svinsets Barn: Massi Colbianne, faddere: Ole Mælset, Knud Klok, Rasmus Ramstad, Eli ibid,. Marte Søvig, Johanne ibid.

20. september 1801, side: 569 https://media.digitalarkivet.no/kb20070831620300

Døbt Knud Anders. Svingset og Hustrue Marte Syvertsdtr Deres Søn, Lars Andreas, Faddere Ebbe Ramstad, Hover Siurs. Ibid., Ragnild Pedersd. Krogen, Massi Lyshol, Sylvej Andresdatter Klok.

Mons Zekqversen er formynder på dotra Massi i skiftet etter Knut 1805:
https://media.digitalarkivet.no/sk20090128670614

7 Datter Massi Knudsdatter 14 aar
gl. indsadt formynder Mons Zerqve-
sen Klok
ej nærværende.

Dette er ikkje noko endeleg bevis, men fleire indisier på at du har rett i Marte Sjursdotter sitt opphav.

I bygdeboka står at Marte døde i 1820, men eg har ikkje funne innføringa i kyrkjeboka.
Mvh
Kai L.

Svar

Gå tilbake til «Sykkylven»