Kona til Øystein Hole i Sunnylven

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Kai Olger Løseth
Innlegg: 830
Registrert: 7. mars 2006 kl. 17.25
Sted: ÅLESUND

Kona til Øystein Hole i Sunnylven

Legg inn av Kai Olger Løseth » 30. oktober 2011 kl. 12.21

Øystein Hole frå Sunnylven, f. ca 1636, er min 7x tippoldefar.
Presten Hans Strøm skriv i si Annotations Boog frå 1757 om ei snøfonn som skal ha gått på Hole i Sunnylven i 1679 dette:

Paa gaarden Hole i Syndelven skal det være passeret 1679, at da gaarden tog ned har en Kone ligget 7 Dage under Sneen og imidlertid føed et Barn, som blev uskad hedte Peder Østensen og levde i 70 år. Siden den tid skal samme fond icke have løbet førend nu 1757 da nogle huse blev beskadigede og havde været reent borttagne om de ey forrige gang var flyttede.
Ein annan stad i boka skriv han at han også har høyrt ein annan versjon, at kona låg 3 dager under snøen før ho vart gravd fram. Guten som vart fødd, Peder, står i 1701 manntalet 20 år gammal. Han er den eldste av barna. Dei andre er Steffen 17, Lasse 12, Anders 7. I bygdeboka for Sunnylven står at dei truleg også hadde ei søster, Marit.
Mora må ha kome rimeleg greit frå ulykka ettersom ho har fødd mange barn etterpå.
1679 var eit år med mange skredulykker på Sunnmøre; det står m.a. om det her: http://no.wikipedia.org/wiki/Norske_kat ... re_ulykker, og det er vel ikkje urimeleg at der også då var snøskred på Hole i Sunnylven.

Er det nokon som kjenner nærare til dette?

Ser at det er problem med lenka, må evt prøve å søke sjølv:
Norske katastrofer og store ulykker - Wikipedia
Snøskredene på Sunnmøre 1679 · Møre og Romsdal, bl.a. Ørsta · snøskred,
1679-02-1616. februar 1679, 3&502&130&130. Mange skred, av de største var ...

http://no.wikipedia.org/wiki/Norske_kat ... re_ulykker

gj04644
Innlegg: 32
Registrert: 7. mars 2007 kl. 20.11
Sted: PARADIS

Re: Kona til Øystein Hole i Sunnylven

Legg inn av gj04644 » 30. oktober 2011 kl. 16.22

Kan stadfeste at der var snøskred på Hole i 1679. I skattelistene står det at skylda dette året vart nedsett med 1 vog p.g.a. snøfonn. Kjelde: Avskriftene etter Lars Strømme

Bygdeboka trur at ei dotter Marit Østensdatter vart gift med Peder Pederson Hellesylt/Hole. Det er mogleg utan at eg har funne prov på det. Men der var i alle fall ei anna Marit Østensdatter Hole som det vart halde skifte etter i 1746. Ho hadde berre ei dotter Marte Larsdtr. Formyndar for henne var Peder Olsen Tryggestad. Han var gift med ei Helga Østensdatter, som også kan ha vore ei dotter til Østen Hole.

Ellers ser vi at Anders Østensen får borgarskap i Bergen i 1724.

Kai Olger Løseth
Innlegg: 830
Registrert: 7. mars 2006 kl. 17.25
Sted: ÅLESUND

Re: Kona til Øystein Hole i Sunnylven

Legg inn av Kai Olger Løseth » 30. oktober 2011 kl. 20.15

Takk for svar!
I same boka refererer Hans Strøm også ei vise som omhandlar hendinga:
<Imod Naturen synes> Blant andet og merkværdig var
En barselqvinde i samme far under d. dybe Snee
Sit foster føede med Kummers Møde, begge ved live blev.
Imod Naturen synes det, en qvinde paa 7 Dages tid
foruden hungers nød
I Sneen laae, gud til hende saae at hun ey der blev død.


Etter som Hans Strøm skriv som han gjer berre ¾ hundre år etterpå, og også kjeldene stadfester at der var snøskred er det vel ikkje urimeleg at det kan vere noko i at kona vart gravd fram etter nokre dagar?
Ein av sønene, Lasse Østensen, er det skifte etter saman med kona hans i 1763 http://arkivverket.no/URN:sk_read/24561/448
Fievilstad i Dale Schibrede
Anno 1763 den 13 July blev foretaggen een Lovlig Registering og Vurdering efter afgl. ægteFolk sc: Lasse Østentensen og Kone Eli OlsDatter som begge paa een tiid ved Døden frafalt …….Ein kan lure på om det var sjukdom eller ulykke som var årsak til at dei døydde samtidig.

Kai Olger Løseth
Innlegg: 830
Registrert: 7. mars 2006 kl. 17.25
Sted: ÅLESUND

Re: Kona til Øystein Hole i Sunnylven

Legg inn av Kai Olger Løseth » 17. november 2011 kl. 18.02

Tor skrev:Bygdeboka trur at ei dotter Marit Østensdatter vart gift med Peder Pederson Hellesylt/Hole. Det er mogleg utan at eg har funne prov på det. Men der var i alle fall ei anna Marit Østensdatter Hole som det vart halde skifte etter i 1746. Ho hadde berre ei dotter Marte Larsdtr.

I dette skiftet i 1727, side 678 etter Peder Pedersen Hole er innleiinga på skiftet slik:
Anno 1727 d. 13 Juny vare tillige med Lensmanden Sr Iver Peders. Hellesylt og 2de Laug-rættes Mænd Nembl. Rasmus nedre Liaan og Ole Ols. Tryggestad forsamlede paa gaarden Hohle udj Sund Elvens Schibbreede Alt for at Regisstere og Wurdere hvis dend Sahl. Mand Peder Pedersen som her boede og døde kunde have Eftterladt Sig Samt tillige holde Skiftte og deeling imellem hans eftterladte Encke Marite Østensdatter paa dend eene – og deres Sammen aflede Børn nembl. Peder Peders. Støhle giftt og myndig – Østen Pedersen 16 aar og Tore Pedersen 13 aar gl. for hvilcke 2de brødre brod. Peder Pedersen værger der Næst Marite Pedersdatter giftt med Arne Rasmus. Brecke Anne Pedersdatter fæst med Rasmus Arnes. Gierde i Dahle Skibbreede samt Brite Pedersdatter ugift for hvem værger hendis Svoger Arne Rasmussen Brecke. Er da der Eftter til Registering og Wurdering bleven anviist følgelig:

Lenger nede under Jordegods les eg det slik:
Eftter fremlagde Skiøde af datto 17de Octbr 1700 og Tinglyst de 24de Octbr 1701 haver dend Sahl. mand baade med sin kone arfvet saa og selv kiøbt her udj gaarden Hoole med odel og bøxel 1 waag 9mrk fiskesleje à 9 rdr Mæll. er 40 rdr 3 mark
Iligemaade eftter fremviiste Skiøde af dato 17 Nov 1721 og tinglyst Anni ditto haver og dend Sahl mand beviiseligen baade selv arfvet og kiøbt her udj gaarden Holle 1 wog 8 mrk fisk med odel og bøxel1 Mell. 9 rdr er 40-3-0


Dette må vel vere ei anna Marit Østensdatter enn i ho som er nemnd i skiftet frå 1746 kalla Marthe Østensdatter, og støttar det som står i bygdeboka?

Berit Carlsen
Innlegg: 576
Registrert: 1. mars 2009 kl. 18.44
Sted: ÅLESUND

Re: Kona til Øystein Hole i Sunnylven

Legg inn av Berit Carlsen » 19. november 2011 kl. 16.29

Peder Pedersen Hellesylt Hole, f. ca. 1660, død 1727 er min 5 x tippoldefar. Har også notert at han var gift med ei Marite Østensdatter. Lurer litt på det som står om sønnen Peder i skiftet:
og deres Sammen aflede Børn nembl. Peder Peders. Støhle giftt og myndig

Det jeg stusser på er at sønnen Peder Peders. står benevnt med Støhle.. Iflg. Sunnylven og Geiranger, Bind II, s. 75, står det at sønnen Peder (f. 1706) overtok bnr. 3 på Hole (Klasbruket). Faren har bnr 1 (Nilsbruket). Så vidt jeg kan forstå er der ikke noe gård ved navn Støhle i Sunnylven eller i nærheten.
Er det noen som kan oppklare dette?

Kai Olger Løseth
Innlegg: 830
Registrert: 7. mars 2006 kl. 17.25
Sted: ÅLESUND

Re: Kona til Øystein Hole i Sunnylven

Legg inn av Kai Olger Løseth » 19. november 2011 kl. 17.33

Sorry... det er eg som har skrive feil.
Eg gjekk inn på skiftet no og sjekka, og der står Hohle

gj04644
Innlegg: 32
Registrert: 7. mars 2007 kl. 20.11
Sted: PARADIS

Re: Kona til Øystein Hole i Sunnylven

Legg inn av gj04644 » 20. november 2011 kl. 22.52

Takk for den opplysinga. Skiftet i 1727 hadde eg ikkje sett på i fulltekst tidlegare. Då skulle det vere klart at Peder Pedersen var gift med Marit, dotter til Østen Lassesen Hole.

Skøyta vart tinglyst i 1701. Då har altså Peder Pedersen kjøpt bruk 1 på Hole før svigerfaren var død. Østen er framleis i live i 1711. I 1701-manntalet er Østen bygselmann på bruk 1 medan Peder Pedersen er sjølveigar på bruk 3. Sjølv om Peder ikkje fikk skøyte på bruk 3 før enn i 1721, har han tydelegvis vore skriven som eigar i mange år. Bruk 3 var arv etter faren Peder Endresen Hellesylt. Ifølge bygdeboka var kona hans frå Relling i Norddal, men eg har ikkje greidd å finne ut kvar den opplysinga kjem frå. Eg har trudd meir på at ho var frå Hole og at bruk 3 var hennar arv. (Men han kan naturlegvis ha vore gift fleire gonger.) Brukarlista på bruk 3 slik eg har sett henne opp er:

Halkjell Larsen br. frå ? til ca 1615/18
Enkja br. frå ca 1615/18 til ca 1624/27
Tore Halkjellsen br. frå ca 1627 til ca 1636/39
Iver Olsen br. frå ca 1636/39 til ca 1680

Eg trur at kona til Peder Endresen Hellesylt kan ha vore dotter til Tore Halkjellsen og at neste brukar, Iver Olsen, vart gift med enkja etter Tore. Namna Tore og Iver går også igjen som namn på to av borna til Peder Endresen. I 1679 står Iver Olsen som eigar men i 1683/84 er Peder Endresen inne som eigar.

Kai Olger Løseth
Innlegg: 830
Registrert: 7. mars 2006 kl. 17.25
Sted: ÅLESUND

Re: Kona til Øystein Hole i Sunnylven

Legg inn av Kai Olger Løseth » 23. november 2011 kl. 16.20

Takk for interessant utgreiing!
I Tingboka for 17 Nov 1721 side 28 er innført skøyte til Peder Pedersen på 4 ½ Mellaug i Hole:
Peder Pedersen Hoole lod læse sit skiøde paa 4 ½ mel. i sit brug udi Hoole, Dat. 17. Nov. 1721, udstæd af Iver Pedersen Hellesylt og Anders Tryggestad samt til vitterlighed Knud Kielstad og Lars Frøsse hvilket udi skiøde bogen fol: ord til andet er indført.

I Panteboka 1721, side 158 står skøytet. Det er interessant lektyre – med artige formuleringar.

Svar

Gå tilbake til «Stranda»