Klokkar Ole Eliasson Klepp ca 1684-1745

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
dn10925
Innlegg: 62
Registrert: 14. februar 2011 kl. 13.08
Sted: OSLO

Klokkar Ole Eliasson Klepp ca 1684-1745

Legg inn av dn10925 » 21. mars 2015 kl. 19.06

Kven er mor til klokkar Ole Eliasson Klepp sine born?

I skifte etter Knut Steinarsson Hjorthaug i 1707 finn ein at dotter Maren var gift med klokkar Ole Eliasson Klepp, som er nemnd "paa sin qvindes Maren Knudsdatters vegne"
Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24546/11/

I Busetnadssoga for Volda 4a s. 622 står følgjande under Klepp 1-6:

Ole Eliass. klokker frå 1-5, f. ca 1684, d. før 17.4 1757, gift med Maren Knutsd. frå Pesgarden, Hjartå (3-3)
Ole var klokkar i Volda etter svigerfaren. Barn:
1 Elen, f. ca 1712 sjå nr 1-7
2 Knut, f. før 14.6.1715, d. ?.
3 Drude, f. før 13.1.1716, d. ?, var i 1774 i Nordland (VS)

Vidare vert det skrive at dotter Elen f. ca 1712 * vart gift med den neste klokkaren, Ole Hansson Ullaland. Etter at Elen døydde i 1762, gifte Ole Hansson (d. 1769) seg på ny med Karen Findemand (d. 1774).


I Voldasoga I (Aarviknes) s. 220 står det derimot:

Ola Eliasson Klepp var klokkar i Volda 17 år gl.** Han var g. m. Karen Andersdotter Findemann, d. 1774, skifte 22/9.
Ola Eliasson flytte ned til Vikeneset og d. der 1746***, skifte 31/1.
.....................
Etter skifte 1746 hadde dei borna:
1. Otto Andreas, f. ....
2. Ellen, f. 1712
3. Lisbet, f. 1715
4. Drude, f. 1717, budde i 1774 i Nordland****

Drude, døypt 13. januar 1717:
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15954&idx_id=15954&uid=ny&idx_side=-32


I skifte etter Ole Eliasson er nemnd enkja Karen Findeman, sonen Otto Andreas, og dei to døtrene Elen og Drude Maria.
Ole Hansson Ullaland møter som formyndar for "den enniste Søn Otthe Andreas og arving paa sin Kones Elen Olsdatters vegne"
Madts Røeset som formyndar for yngste dotter Drude Maria Olsdatter

I skifte etter Karen Findemann er nemnde sonen Ole Olsen 17 år, og Drude Maria som no skal vere død. Elen (død) og hennar arvingar er ikkje nemnde.

Ved skoskatten 1711 har Ole Eliasson og qvinde ingen born


Slik eg tolkar dette, var Ole Eliasson gift 1. gong med Maren Knutsdotter Hjorthaug, og dei kan ha hatt dottera Elen f.1712. Namnet Elin, Eline går att i Marens familie.
Drude f. 1717 har faddrar frå Maren Knutsdotter si side, og er nok også dotter til Maren.

Ole Eliasson vart gift på ny (etter 1720) med Karen Andersdotter Findemann.
Om Ole og Karen vart gifte etter 1720 må Ole Eliasson ha hatt to døtre med namn Drude. Ei i kvart ekteskap? Drude f. 1717 og Drude Maria nemnd i skifte.
Ole Eliasson er død i 1745, kven er då far til Karen Findemann sin son Ole Ols f. ca 1757?

At Ole Hansson Ullaland skal ha gifta seg med Karen Findemann er vel ei samanblanding av dei to klokkarane?. Eit slikt ekteskap er ikkje å finne i kyrkjebok eller skifte.

Er det nokon som kan kommentere, og hjelpe til å kaste lys over dette?


Skifte etter klokkar Ole Eliasson Klepp:
Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/25113/47/

Skifte etter Ole Hansson:
Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24564/237/

* Basert på alder ved død:
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15956&idx_id=15956&uid=ny&idx_side=-21

** Opplysningar i frå manntalet 1701:
Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:db_read/ft/38457/102/

*** Ole Klocher gravlagd Dom 3. Adv 1745 (kyrkjeår 1746):
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15955&idx_id=15955&uid=ny&idx_side=-40

**** Frå skifte etter Karen Findemann
Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24566/84/
Sist redigert av dn10925 den 2. februar 2019 kl. 11.55, redigert 3 ganger totalt.

dn27068
Innlegg: 3
Registrert: 8. august 2015 kl. 23.38
Sted: GURSKEN

Re: Klokkar Ole Eliasson Klepp ca 1684-1745

Legg inn av dn27068 » 8. august 2015 kl. 23.46

Hei, og takk for at du gjorde meg merksam på eit par kjelder eg hadde oversett.
Eg har laga retting på dette til registerbandet for Busetnadssoga som ventelig kjem til jul.

dn27068
Innlegg: 3
Registrert: 8. august 2015 kl. 23.38
Sted: GURSKEN

Re: Klokkar Ole Eliasson Klepp ca 1684-1745

Legg inn av dn27068 » 8. august 2015 kl. 23.47

Hei, og takk for at du gjorde meg merksam på eit par kjelder eg hadde oversett.
Eg har laga retting på dette til registerbandet for Busetnadssoga som ventelig kjem til jul.

Svar

Gå tilbake til «Volda»