Legg inn
av Ivar Ståle Ertesvåg » 9. april 2008 kl. 23.51
Herøyboka - Gardar og Folk, b.2 s.471 og 473 (Petterholmen) fortel at Lars Larsson Lund budde på Petterholmen ca. 1740-1760. Første kona Ingeborg Samuelsd. d. 1752 og skiftet viste 508 rdl, netto 418 rdl. Fire born. Oppattg. m. "Karen Fransd. Wulf" (K og M er lett å forveksle). To barn, Ingeborg Judit 1755 (d lita) og Frans Jakob 1757.
Lars skal ha drive litt handel med øl og brennevin.
Petterholmen er ein av dei mange små og litt større holmane ved Herøy (øya med kyrkje og handelsstad som ga namn til prestegjeldet) og ligg midt i farleia.
Lars var son til Lars Pederson Lund d. 1727 og Ingebord Jørgensd., som budde på (eller dreiv) Petterholmen 1680-1724 (dei bygsla også eit bruk på Frøystad). Far hans, Peder Larson Lund budde her 1660-1680, utan at bygdebokskrivaren veit noko om kvar han eller kvar Lund-namnet kom frå. Før 1660 er ikkje Petterholmen nemnd i kjeldene (skattelistene, reknar eg med). Både Peder og Lars d.e. var klokkar i Herøy. Sonen Ole Larsson (bror til Lars d.y.) tok over som klokkar og budde på Petterholmen til 1832. Ola skal ha brukt etternamnet Scheen.