Hei Roger Engvik
Tusen takk for alt du har funne for meg om mi bestemor og hennar forfedre.
Veldig interessant for meg.
Eg visste om onkel Ole si tilknyting til Tørla i tillegg til namnet, han hadde ei hytte der, men eg var der aldri på besøk.
Mor mi Aslaug, var fødd 29.04.1908. Eg har ikkje leitt opp hennar fødsel i kyrkjebøkene enno (har nyss oppdaga dette arkivet og ikkje kome så langt), men eg greier vel det og etter kvart. Hvis ikkje får eg be om hjelp igjen.
Jørgine vart og gift i 1902 med Johan Jentoft Bredesen frå Bø i Vesterålen og dei fekk ei datter Jenny, eg trur i 1903. Ho døydde ung, i 17-årsalderen, i følgje mor mi. Kva tid Bredesen døydde veit eg ikkje, men det må ha vore før 1907. Han var ikkje mor mi sin far. Det var Lars Haugseth frå Sykkylven, men han reiste til Amerika.
Mor mi vart adoptert bort i 1910 til eit vennepar frå Hjørundfjord, Vilhelmine og Paul Pedersen, men ho hadde alltid kontakt med si biologiske mor som etter kvart gifte seg med ein enkjemann med fem born på Lepsøya. Han heitte Heggdal og dei fekk saman ei datter, Anna f. 15.12.1915. Jørgine døydde der, eg trur i tredveåra.
Mamma snakka alltid om ei besta i bya som bodde nederst i Røysegata, mestå på blikksvalen trur eg. Undrar meg på om det kan vere denne Marta Nilsen som står i folketellinga for 1900 i Ålesund. Jørgine vert oppgitt der som datter av Jørgen og Marta Nilsen, kanskje adoptivforeldre? Ho er då enkje og har sonen Ole.
Atter ein gong, tusen takk for hjelpa.
Mvh. Vigdis Strandabø