Jakob Aalands Bygdebok for Innvik/Stryn? SP Benedikt Friis

Moderator: MOD_Sogn_og_Fjordane

Svar
gj10739
Innlegg: 4
Registrert: 4. februar 2010 kl. 11.26
Sted: Danmark

Jakob Aalands Bygdebok for Innvik/Stryn? SP Benedikt Friis

Legg inn av gj10739 » 3. mai 2010 kl. 14.10

Hei

jeg er interessert i å få vite hva som står i Jakob Aalands Bygdebok for Stryn og Innvik om kapellan og sogneprest Bernt (Bendix) Nilsen Friis, kapellan i Innvik i 1641 og sogneprest fra 1647 til 1650, da han døde. Jeg vet at det følgende står om ham:

"Ca. 1630: Kap. i Bergen Bd. I 1641 vart han suspendert i tre år av di han føre bryllaupet hadde besovet kona si. Etter bøn fekk han tilgjeving av Kongen for brotet sitt i brev dagsett 1 Feb 1641, på det vilkår at han kunne verte prest att i same bispedømet om nokon kalla honom, dog ikke til det kald, hvor han nu er kapellan. Han vart sokneprest i Innvik i 1647."

Står det noen flere data? Har noen en idé om hvor jeg kan lete etter informasjon om Bendix/Benedict/Bernt fra hans tid i Bergen (ca. 1630)?

Vennlig hilsen

Jan Kyrre BOF

19879
Innlegg: 83
Registrert: 30. januar 2006 kl. 11.17
Sted: ØYSTESE

Re: Jakob Aalands Bygdebok for Innvik/Stryn? SP Benedikt Fri

Legg inn av 19879 » 9. mai 2010 kl. 20.50

J.Aaland:Bygdeboka Innvik Stryn I Ny utgåve, side 139 f. Han vart sokneprest i Innvik etter Peder Gjeble(Gabet-)son Krag i 1647 og gift med dottera Agnete Pedersdotter, d. i desember 1668. Bendix vart prost, og han var som prost med på hyllingsmøtet i Oslo i 1648. Han døde i 1650. Kven fyrste kona var,veit vi ikkje. Andre kona,Agnete, vart gift att med ettermannen (Absalon Jørgenson Beyer).
I 1648 skatta han av 3 laup jordegods,arva etter verfaren, P. Gjebleson. Det var vel Engevik-gardane.
Av borna hans kjenner vi desse: i. Klaus Friis, f.i 1620-åra, stud.1639,d.1680 som sokneprest til Grytten i Romsdal. 2. Vinsents F. 3.Jens F., budde begge i Trondheim i 1669. 4.Benedikte Katrine. 5.Absalon og 6. Meritte er nemnde i skattelistene i 1675. Dei to sistnemnde hadde han med Agnete, andre kona si.
Om Agnete står der på side 137 f. : Dottera Agnete Pedersdotter, som vart gift med ettermannen,enkjemann mag. Bendix Friis, var fyrst trulova med Berent Nagell, ein borgar i Bergen. Då ho og faren gjorde trulovinga om inkje,stemnde Berent dei inn for kapitlet i Bergen i 1635 og kravde oppreising. Peder og dottera sa at dei slo opp av di Berent etter eit julegjestebod heime hjå dei hadde sagt at han hadde gjort for mykje for Agnete. Dertil sa Agnete at ho ikkje hadde hug å ha Berent eller fare frå foreldra til byen.
Kapitelretten fekk partane samde såleis at Berent let all tiltale fare mot at Peder svara honom all kostnad etter skjøn. Denne saka vert utførleg referert i kapitlet si møtebok og er svært forvitneleg. Ein får av meldinga om saka eit kulturbilete av verdi.
Agnete må ha vore særs vel omtykt mellom folket i gjeldet. Mange har kalla henne opp att, og Agnes-namnet,som før var ukjent her,vart etter henne eit ålment nytta namn.


Med venleg helsing Einar

gj10739
Innlegg: 4
Registrert: 4. februar 2010 kl. 11.26
Sted: Danmark

Re: Jakob Aalands Bygdebok for Innvik/Stryn? SP Benedikt Fri

Legg inn av gj10739 » 11. mai 2010 kl. 10.03

Tusen hjertelig takk for dette! Storartet og førsteklasses hjelp! :D

Vennlig hilsen

Jan Kyrre Berg Olsen Friis

Svar

Gå tilbake til «Stryn»