Befal Amund Fosnes

Moderator: MOD_Sogn_og_Fjordane

Svar
Brukeravatar
gj02671
Innlegg: 905
Registrert: 19. februar 2006 kl. 21.22
Sted: LOM

Befal Amund Fosnes

Legg inn av gj02671 » 17. juli 2013 kl. 12.55

Gode stryningar!

Er det einkvan som veit meir om befalet Amund Fosnes som i 1796 vart innstemnt for vald og ærekrenkjing (Trudsler og overfald) av Hans Sperstad (Skjåk)?

Han er fyrst nemnt Corporal Fosnæs fra Nordfiord og nokre liner lenger ned som Sergeant Amund Fosnæs.

Stutt om det han vart innstemnt for: to vitne vitna at partane (Amund og Hans) var på Skjåk for eit år sidan (1795) då korporalen/sersjanten var vreid og skjelte ut Hans av di han ikkje fekk skyssen så fort som han ville og kalla Hans ein skjelm og støytte til honom med sabelknappen mellom føtene og støytte han fleire gonger, jaga han på garden med naken sabel i vêret og banna på at han skulle kløyve hovudet hans – Hans måtte flykte unna. Tingsvitne vart skrive - truleg for å føre saka mot Amund anten i krigsrett eller heime i hans eige tinglag/skipreide. Saka var oppe berre på sumartinget 1796 på lensmannsgarden Stamstad i Lom.

Gildt om einkvan veit meir om Amund, kva for militær grad han hadde, og kva lagnaden hans elles vart etter dette.

Brukeravatar
gj02671
Innlegg: 905
Registrert: 19. februar 2006 kl. 21.22
Sted: LOM

Re: Befal Amund Fosnes

Legg inn av gj02671 » 30. oktober 2013 kl. 18.50


Svar

Gå tilbake til «Stryn»