Marit Jonsdotter f ca 1725 - d i Øksendal 1784

Moderator: MOD_Oppland

Svar
Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Marit Jonsdotter f ca 1725 - d i Øksendal 1784

Legg inn av Magnar Husby » 19. oktober 2009 kl. 19.17

I Sunndalsboka bind 4 side 306, under garden Rydningen i Øksendal, står følgjande å lese: "Peder (f 1722, son av Lars Larsson Leangen i Sunndal) ble 1757 trolovet med Marit Jonsdotter Rydningen. Ifølge tradisjonen var hun et uekte barn fra Lesja, og hennes mor skulle være blitt forvist fra bygden fordi far til Marit var en gift mann. Peder og Marit hadde følgjande barn: Else f 1758, Kari f 1761, Kari f 1763, Jon f 1769, Kari f 1769." Står det noko om dette i Lesjabøkene, eller er det nokon som veit noko om det? Det er muleg at Marit og mora hadde ein slektning Endre Jonson med seg til Øksendalen. (Han vart gift i Jordalsgrenda og har stor etterslekt). Peder Larsson si mor heitte Else Pedersdotter, men det er inga Kari og ingen Jon i familien, ser det ut til. Ellers kan nemnast at Lars Larsson Leangen først var gift med Marit Kristensdotter, som var eigar av Leangen då dei vart gift. Ho var truleg dotter til Kristen som åtte garden 1692-1695. Marit kunne ha vore fødd så tidleg som 1660. Ho døydde i 1708. Lars og Marit hadde sonen Kristen f ca 1700 i dette første ekteskapet. Marit sin far Kristen "er heller ikke nærmere kjent" står det (Eg såg ei etterlysing etter ein Kristen Jenssen i dette forumet. Difor tek eg med også dette siste).

Brukeravatar
Arnfinn Kjelland
Innlegg: 427
Registrert: 29. november 2004 kl. 8.56
Sted: VOLDA
Kontakt:

Re: Marit Jonsdotter f ca 1725 - d i Øksendal 1784

Legg inn av Arnfinn Kjelland » 19. oktober 2009 kl. 20.23

Det er vanskeleg å finn slikt i Lesjabøkene. Marit og Jon er vanlege namn.

Det ser berre ut til å vere ei uekte Marit Jonsdtr. f. på 1700-talet i Lesja prestegjeld. Ho var f. 1728: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-44 og faren var som du ser Jon Gunderss. Rindal (namnet til mora er ikkje oppgjeve). Dåpen var i Dovre annekskyrkje, så denne relasjonen vil ikkje finnast i Lesjabøkene.

Det kan kanskje vere verd forsøket å legge spørsmålet over til Dovre, evt. spørre om nokon vil slå opp på Rindal i bygdeboka og sjekke om det står noko om Jon og / eller denne dåpen der.

gj04035
Innlegg: 349
Registrert: 28. november 2006 kl. 14.16
Sted: SVERIGE

Re: Marit Jonsdotter f ca 1725 - d i Øksendal 1784

Legg inn av gj04035 » 19. oktober 2009 kl. 21.01

Fra Dovre bygdebok.
Övre oppistugu Rindal.
(Ca1733-1740)
Jon Gudmundsen 1705-? Fekk med Marit Östensdotter dattera Marit 1728.
Fekk med Anne Siversdotter frå Brennjord på Lesja dottera Anne 1729 elles ukjent.
Jon Gudmundsen g i Sel i 1733 med Kari Olsdotter ?? fra Sel.

Vet ikke om dette er noe til hjelp.

MVH Sissel

Svar

Gå tilbake til «Lesja»