Utvandring fra Oppdal til Nordmøre på slutten av 1500-tallet

Moderator: MOD_Sør-Trøndelag

Svar
John Harry Aarønes
Innlegg: 1026
Registrert: 3. desember 2004 kl. 3.29
Kontakt:

Utvandring fra Oppdal til Nordmøre på slutten av 1500-tallet

Legg inn av John Harry Aarønes » 7. juli 2005 kl. 15.27

I bygdebok for Eide bd. I. s. 39f av Jonny Lyngstad kan ein under Krekvika (Nybrottet) Ole (Knutsen?) som brukar ca. 1605 - 46. Her er ei oppsummering av det Jonny Lyngstad skriv i Eideboka.

Ole ble første gang nemnt i et dokument dat. 18/5-1607, og han var da lensmann for Gjemnes Tinglag på Nordmøre.

Fra og med 1624 var Ole blandt dei som eigde odelsgods i Oppdal. Vognild (1 sp.), Ishol ( 2,5 øre) og Dørum (1 sp. 1/2 øre). I 1647 eigde han 1 øre 6 mrkl. som Lars Ishol brukte.

Ole Krekvik hadde troleg sonen Torsten Olsen i Krekvika eigde i 1646 på 2 øre 6 mrkl. som Knut Kvalsjord i Oppdal brukte. Eg ser at Ivar Hoel nemner ein Knut Kvalsjord på Kvalsjord m/Bryggen i 1647.

Også Ole Lygnstad, Sven Øyen, Knut Visnes og Gudmund Tøvik eigde jordegods i Oppdal. Sven Øyen eigde 1 sp. i Bryggen.

Jonny Lyngstad skriv vidare :

Vi har sikkert her å gjøre med ei nedflytting fra Oppdal på slutten av 1500- og begynnelsen av 1600-tallet.


Fra 1624 - 42 eigde Ole Krekvik også 2 w. fiskeleie i Reknes gård på Molde som Audun Aagesen overtok.

Audun Aagesen (son av Synnøve Audunsdatter på Lyngær) overtok på denne tida også anna jordegods, bl.a. i Nordland. Dette var eigd av Hr. Arne på Sunnmøre, truleg Hr. Arne Evensen Frostensius (ein annan kandidat Hr. Arne Olufsen Teiste), deretter av Hr. Anders Pedersen til Tingvoll - for så å hamne i eiga til Audun Aagesen [Widerøe].

Dette får meg til å undre - kan dette vere restar av ei storsamling jordegods som er fordelt gjennom arv/giftemål? Kan dette t.d. vere Teiste-gods?

Dersom nokon har opplysningar om dette mottar eg sjølv den minste leietråd med takk!

Svar

Gå tilbake til «Oppdal»