Kristi Hansdtr Fylkesnes f. 1782

Moderator: MOD_Hordaland

Svar
Leiv Sigmund Hope
Innlegg: 4
Registrert: 5. februar 2013 kl. 20.29
Sted: Tønsberg

Kristi Hansdtr Fylkesnes f. 1782

Legg inn av Leiv Sigmund Hope » 30. september 2025 kl. 17.28

Ei av mine tipp-tipp oldemødre er KRISTI HANSDTR FYLKESNES, f 1782.
Ho var gift med to av mine tipp - tippoldefedre, Paul Bårdson Løklingholm (1775-11.03.1822 (Galnemåndagen)) og Lars Larsson Vornes (1791 - 1831). Ho gifte seg for tredje gong med Johannes Gotskalkson Spissøy (1779-1848). I Bygdebok 4, Moster, skriv Simon Steinsbø at Kristi flytte bort etter at Johannes døydde i 1848. Eigen leiting i kyrkjebøker har så langt ikkje gitt svar på kor ho flytte til og når ho døydde?    

Roald Sjursen
Innlegg: 21
Registrert: 21. september 2014 kl. 8.27
Sted: LAKSEVÅG

Re: Kristi Hansdtr Fylkesnes f. 1782

Legg inn av Roald Sjursen » 2. oktober 2025 kl. 9.44

Eg har ikkje svaret Leiv Sigmund, men då Johannes dødde i 1848 var Kristi ca 66 år. Ettersom ho fløtta frå Spøssøynå er det vel naturlig å tru at ho fløtta til eit av barna. Dei tre eldste og yngste dattera var allereie gift då. Eg trur ein må konsentrera leitinga rundt dei.Brita Paulsdtr, f. 1812, g. Fylkesnes med # 37 Erik Filippusson Fylkesnes. Gift før 1840Hans Gurinius Paulson, f. 1813, g. søre Løklingholmen # 3. Gift før 1838.Bård Paulson, f. 1814, g. søre Løklingholmen # 11. Gift før 1841.Guro Larsdtr, f. 1823, g. nedre Tverrborgvik med # 23 Jakob Gotskalkson Løklingholmen. Gift før 1848.
 Dattera Guri Paulsdtr, f. 1818, blei gift med enkemannen Kristen O. Brekke, Hidle # 46 først i 1856. Guri er ikkje nevnt i bygdeboka for Hidle. Vielsen hennar # 28 https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:n ... 640216.jpg
 Søster til bestefar min blir for øvrig gift med ein av etterkomarane til Hans Gurinius.

Leiv Sigmund Hope
Innlegg: 4
Registrert: 5. februar 2013 kl. 20.29
Sted: Tønsberg

Re: Kristi Hansdtr Fylkesnes f. 1782

Legg inn av Leiv Sigmund Hope » 7. oktober 2025 kl. 23.51

Hei Roald. Takk for svar med gode tips. Har vore innom tanken om at ho kan ha flytta til eit av barna. Men då alle er i Bømlo vil eg forventa å finne henne i ei kyrkjebok for Finnås. Det har eg ikkje, så langt. Litt ergerlig med tanke på at det er såpass nært i tid, midt på 1800-talet. Neste tanke er søsken eller andre slektningar som bur i annan kommune. Får sjå kva eg tek tid til. Så langt er ho ei kor det får få stå ein tom rubrikk for død.
     

Svar

Gå tilbake til «Bømlo»